Flest ledige båtplassar nord og vest i Øygarden

I juni 2025 vart det gjennomført ei spørjeundersøking om småbåthamner i kommunen. Kartlegginga viser at det er stor variasjon i storleik på anlegga, men at majoriteten av anlegga har ein kapasitet på opp til 40 båtplassar. Kapasiteten er mest pressa i den sørlege delen av kommunen.

Bilete frå framsida på rapporten - Klikk for stort bileteIll.bilete Øygarden kommune

I 20 av 35 anlegg må interessentar venta meir enn ein halvt år for å få tildelt båtplass. Dei anlegga som har ledig kapasitet, har relativt få ledige plassar å tilby. Tilsvarande mange anlegg har svart at det er potensiale for å utvida småbåtanlegget.

Føremålet med undersøkinga var å kartlegga om det i arealdelen til kommuneplanen er sett av tilstrekkeleg med areal til småbåthamner. Resultatet frå spørjeundersøkinga inngår som kunnskapsgrunnlag i arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Øygarden 2027 - 2039.

Undersøkinga vart sendt til 47 kontaktpersonar for båtlag, marinaer eller tilsvarande. Undersøkinga vart også gjort tilgjengeleg for innspel via kommunen si nettside, og det har vore artikkel i Vestnytt om undersøkinga. Til saman har vi motteke 39 svar. 

Oppsummeringa av resultatet frå spørjeundersøkinga kan du lesa her. (PDF, 2 MB)