Hugs at fredag er siste dag for førehandsrøysting

Det strøymer folk til vallokala. Mange nytta høvet til å røysta på Sartor Storsenter då vi var innom røystelokalet måndag føremiddag.
- Eg oppmodar folk om å nytta røysteretten. Skal du røysta på førehand, må du gjera det innan fredag, seier leiar i valstyret, ordførar Tom Georg Indrevik.

Tom Georg Indrevik og Beate Hetlevik ved inngangen til røystelokalet. - Klikk for stort bileteTom Georg Indrevik og Beate Hetlevik minner om opningstidene og siste frist for å røysta på førehand.

Måndag til torsdag (4. september) er opningstida i Bibliotekshagen (Sartor Storsenter) kl. 10.00 – 21.00. På Sund Senter og Rong Senter er opningstida kl. 10.00 – 19.00.

På fredag 5. september (siste dag for førehandsrøysting) er det ope til klokka 17.00 på Sartor Storsenter og klokka 15.30 på Sund Senter og Rong Senter.

Ole Hamre har ved dei siste vala røysta på førehand. Til dagleg er han skipper og fiskebåtreiar og ser stor nytte av å kunna ordna dette på andre tider enn sjølve valdagen.

- Eg og kona kranglar ikkje om kva vi skal røysta. Her er vi samde. Informasjonen i lokalet er god, og eg opplever at det er enkelt og raskt røysta på denne måten. Eg har aldri vore av den sorten som dressar seg opp og røystar på sjølve valdagen, seier Ole Hamre.

Kona og eg er samde om kva vi skal røysta, seier Ole Hamre. - Klikk for stort bileteKona og eg er samde om kva vi skal røysta, seier Ole Hamre.

Valansvarleg i Øygarden kommune, Beate Hetlevik, opplyser at det har vore stor tilstrøyming til vallokala. På laurdag var det periodevis kø for å røysta.

- Ei veke før valdagen (måndag kl. 14.30) har 9 394 førehandsrøysta i Øygarden. På om lag same tid ved stortings- og sametingsvalet i 2021 var det registrert om lag 6 300 førehandsrøyster. 

Tom Georg Indrevik håpar at så mange som mogleg nyttar røysteretten.

- Eg håpar vi i Øygarden kan oppnå ein oppslutnad over gjennomsnittet i landet og helst meir enn ved valet i 2021, seier han.

Valmedarbeidarar i Bibliotekshagen måndag føremiddag. Bak frå venstre:Daniel Lloyd og Willian Lloyd. Framme frå venstre; Sander Bruvoll Monsen og Helge Herdlevær. Bjørn Andersen tok im - Klikk for stort bileteValmedarbeidarar i Bibliotekshagen måndag føremiddag. Bak frå venstre:Daniel Lloyd og Willian Lloyd. Framme frå venstre; Sander Bruvoll Monsen og Helge Herdlevær. Bjørn Andersen tok imot veljarane ved inngangen.


Les meir om førehandsrøysting her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke