Frå konserten sundag kveld, Kor i ØygardenHjelme gamle kyrkje vart erstatta med ny kyrkje, Hjelme kyrkje, i 1971. Tidlegare på dagen hadde sokneprest Espen Tveten opna jubileumsstien som går frå den nye kyrkja til Hjelme gamle kyrkje som ligg vakkert til ved Skipevika.
Inklusive aktørar hadde vel 150 personar funne vegen til Hjelme gamle kyrkje sundag kveld. Denne kvelden var det Kor i Øygarden med dirigent Marthe Melheim i spissen som gledde publikum med ein variert konsert med høg kvalitet. Vi lytta til salmer, gospel, pop og viser. Også duetten Aud Karin Lønvik og organist Øystein Steinsland imponerte med vakker song. Steinsland var også pianist for Kor i Øygarden. Allsong høyrer også med, og folk song godt med på «Kyrkja ho er eit gamalt hus» og «Deg å få skoe er sæla å nå».
Kor i Øygarden framførte mellom anna «Vise ved gamle kyrkje» skriven av tidlegare anleggsprest Kjell Svarstad.
«For mest har eg hug til å syngja det slik, ein sumar ved Skjepevik. Kan fattige koma, kan fattige gå frå Hjelme og kjenna seg rik»
Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, leiar av jubileumsnemnda Jacob Henrik Hellesund og sokneprest Espen Tveten.Mykje dugnadsarbeid
Jacob Henrik Hellesund er leiar av jubileumsnemnda og har hatt mykje å gjera det siste året, men med gode hjelparar kan nemnda presentera eit spennande og innhaldsrikt program i jubileumsveka.
- Vi har hatt to konkrete mål. Det eine er å få ordna med skikkelege toalett. Det andre er varme i kyrkja, seier Hellesund som reknar med at det har gått med 300 dugnadstimar til arbeidet med toaletta.
Varme i kyrkja er ikkje på plass. Den store omnen midt i kyrkjerommet er til lita hjelp. Men sommarsdagen går det fint å samlast i kyrkja. Den største samlinga i kyrkja har dei siste åra vore på nasjonaldagen.
- Eg hugsar omnen var raudglødande då eg var på gudsteneste under oppveksten. Om vinteren måtte dei starta fyringa om fredagen for å få kyrkja varm nok til sundagsgudstenesta, seier Jacob Henrik.
Han fortel at målet med jubileet er å visa at kyrkja er ein heim i samtid, ein heim for innvandrarar og utvandrarar.
- Dei som har stått i bresjen for jubileet har gjort ein fabelaktig innsats og vist eit stor engasjement. Eg vil gje stor skryt til bygda som stiller opp, seier sokneprest Espen Tveten.
Aud Karin Lønvik og Øystein SteinslandSokna til Manger
Bygdene nord i Øygarden utgjorde rundt 700 innbyggjarar for 150 år sidan. Den nordre delen av noverande Øygarden sokna til Manger og var ein utkant i prestegjeldet. Den første tida var det ikkje gudsteneste om vinteren. I løpet av den varmaste delen av året var det gjerne fire til seks gonger at presten kom med båt til Hjelme. Då var det mange kyrkjelege handlingar som skulle gjerast på eín dag.
- Det var mykje folk som samlast. Det var så mykje folk at eí rekkje stod, medan neste rekkje fekk sitja. Etter ei stund bytte dei om slik at dei som stod, fekk sitja. Dermed vart det plass til fleire i kyrkja, fortel Espen Tveten.
Espen Tveten erklærte jubileumsstien for opna.Mange nye kyrkjebygg på den tida
Ordførar Tom Georg Indrevik takka for at han fekk høve til å opna kulturverndagane og starten av jubileumsveka. Det var i denne kyrkja Indrevik hadde sitt første offisielle oppdrag som nyvald ordførar i 2019. I tillegg fekk han oppleva 17. mai-feiringa i denne kyrkja.
- Det sterkaste minnet var då vi køyrde ned til denne unike plassen. Det norske flagget var spent over vegen, hugsar ordføraren.
Han viste i talen til at i denne perioden på 1800-talet vart det bygd mange kyrkjer. Lova kravde at kvart kyrkjebygg skulle romma minst 30 prosent av innbyggjarane i soknet. Det førte til at mange eldre og mindre kyrkjer vart rivne og erstatta med nye bygg.
- Eg er svært glad for at denne lova ikkje kom i dag. Det hadde betydd av vi måtte ha plass til 12 tusen i kyrkjene våre rundt om i kommunen. Men på den tida var dette ei viktig og avgjerande lov. Vi gler oss over alt arbeidet som er lagt ned i å bevara dette unike området, sa ordføraren.
Byggjestilen til Hjelme gamle kyrkje er "langkyrkje".Jubileumsveka held fram med ei rekkje arrangement både tysdag, onsdag, fredag og sundag. Sjølve jubileumsgudstenesta er sundag 7. september.
Les meir om programmet her.
Les meir om historia til Hjelme gamle kyrkje (forf. Egil Sæle).
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: John Tjong, Rolf Inge Hellesund og Vigleik Brekke