Dagtilbod for personar med demens og hukommelsestap
Det er plass til fleire deltakarar på Demenskoret og Memento.
Memento
Memento er ein møteplass for personar med utfordringar knytt til hukommelse, som ønskjer ein triveleg torsdag i lag med andre. Også dette tilbodet inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+. Møt opp på torsdagar på Sartor Storsenter Kl. 11.00 - 14.00 Baker Brun. Aktivitetane baserer seg på ulike fasilitetar på Sartor Storsenter. Les meir her.
Demenskoret
Demenskoret er eit songtilbod, sentralt på Straume, som er tilrettelagt for personar som har utfordringar med hukommelse /demenssjukdom. Dette tilbodet inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+. Møt opp på torsdagar kl. 12.00 - 13.30 i Grønatunet fellesrom, Grønamyrvegen 10, 5353 Straume. Les meir her.
Publisert 08.02.2024 12.34