Demenskoret

Velkomen til songtilbod i Øygarden, sentralt på Straume, tilrettelagt for personar som har utfordringar med hukommelse /demenssjukdom.

Dato | Tid | Stad

Torsdagar kl. 12.00 - 13.30 | Grønatunet fellesrom, Grønamyrvegen 10, 5353 Straume

Det er korøving kl. 12.00 - 13.00 og sosial samling med lett servering kl. 13.00 - 13.30.

Bilete frå øving med Demenskoret i fellesrommet i Grønatunet - Klikk for stort bilete

Kven kan få tilbodet?

Aktivitetstilbodet Demenskor inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+.

Demenskoret er spesielt lagt til rette for songglade yngre og eldre personar som har utfordringar med hukommelse og/eller demenssjukdom. Tilbodet er eit lågterskel-
tilbod.

Kva kan du få hjelp til?

Øvingslokale ligg sentralt på Straume, ved Sartor Storsenter, Grønatunet fellesrom. Der vil du bli møtt av trivelege frivillige, og dyktige dirigentar/musikkterapeutar frå Øygarden kulturskule. Fellesskap, songglede og hyggelege omgjevnader er noko av det du vil oppleve på dette tilbodet.

Transport

Transport t/r kan tilbys ved nærare avtale.

Påmelding

Dette tilbodet er ikkje søknadspliktig.

Påmelding til rektor ved Øygarden kulturskule, Bjørn Andersen, telefon 906 56 836 (Dersom ikkje kontakt, send gjerne SMS).

Spørsmål om tilbodet

Ved spørsmål om tilbodet kan vere aktuelt for nettopp deg, ta gjerne kontakt med Demenskoordinator, telefon 911 14 110.

Samarbeid

Demenskoret er eit samarbeid mellom Sartor Storsenter, TREFF+, Demensforeininga i Fjell, Sund og Øygarden og Øygarden kommune.

For oversikt over datoar, sjå arrangementkalender