TREFF+: Julekonsert med Demenskoret i Foldnes kyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingDemenskoret inviterer til si fjerde julekonsert torsdag 10. desember 2026. Publikum kan sjå fram til ei stemningsfull stund med song, musikk og ekte songglede når koristane igjen går på scena i Foldnes kyrkje.Treff+ sitt styre, musikkterapeutane og dei frivillige ønskjer velkomen til årets julekonsert med dei engasjerte og dyktige koristane i Demenskoret. Gjennom song og musikk skaper koret varme, livsglede og gode augeblikk, og viser kor mykje musikk, fellesskap og tilhøyrsle kan bety i kvardagen.Dato | Tid | StadTorsdag 10. desember | Kl. 18.00 - 19.00 | Foldnes kyrkjeGjesteartistar og musikalske innslagÅrets konsert byr på fleire musikalske høgdepunkt. Mellom dei medverkande er operasongar Lasse Økland og harpist Marija Kadovic. Publikum kan òg gle seg til fleire andre musikalske innslag gjennom kvelden.Praktisk informasjonDørene opnar kl. 17.30. Før konserten vert det servert kaffi, te og noko å bita i.Demenskoret ønskjer både familie, vener og andre interesserte velkomne til ein kveld fylt med juleglede, fellesskap og vakker musikk.Hjarteleg velkomen! Publisert 16.11.2026 11.24