Sotrasambandet er i rute

Det er god framdrift i arbeidet med nytt sotrasamband. På kommunestyret den 22. februar orienterte prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes og direktør i Sotra Link, Christopher Bjerke, om status i arbeidet.

Det vert gjennomført eit omfattande arbeid i området Stovevatnet/Arefjord - Klikk for stort bileteDet vert gjennomført eit omfattande arbeid i området Stovevatnet/Arefjord

Slik kan du halda deg orientert:

Det vert no arbeidd på dei fleste områda langs heile traseen for Sotrasambandet. På nettsida til Sotra Link finn du omtale av sju hovudområde. Dette er Kolltveit, Bildøyna, Straume, Knarrvika, Drotningsvik, Storavatnet og ny bru.

Pr. dato er det skote ut om lag 80 prosent av massane til den nye Kolltveittunnelen. Det er venta at gjennomslaget vil skje i april /mai. Brutårnet i Knarrvika er no sju meter høgt. Sluttført brutårn vert 145 meter høgt. 

Pr dato arbeider rundt 700 personar med Sotrasambandet. Ifølgje Bjerke er 80 prosent av omsetnaden så langt oppdrag til norske bedrifter.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes og direktør i Sotra Link, Christopher Bjerke. - Klikk for stort bileteProsjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes og direktør i Sotra Link, Christopher Bjerke.

Verre før det vert betre

Det er umogleg å gjennomføra eit så stort prosjekt utan at det får konsekvensar for trafikkavviklinga. Eit område som står framfor stor utbygging etter ferien, er Storavatnet (Loddefjord). Her vert det omleggingar av trafikken som igjen vil føra til meir kø for dei som køyrer i området, særleg i rushtida. Kommunedirektør Johnny Breivik sa på kommunestyret at kommunen vil samarbeida med fleire aktørar om tiltak for å bidra at trafikkpresset vert redusert.  

Sotrasambandet skal vera klar til bruk 1. juni 2027. Heile anlegget inklusive sidevegar skal vera ferdig 30. juni 2028. Det vil etter det også vera ein del etterarbeid, mellom anna forskjønning. 

I Straume-området skal det mellom anna leggjast til rette for nytt kollektivanlegg og ny vidaregåande skule. Ved gjennomføring av sjølve vegsambandet i sentrumsområdet, vil delar av dagens parkeringsareal ved rådhuset nyttast. Dette vil skje heilt mot slutten av anleggsperioden i 2027.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke