No startar bygginga av ny bru

Den nye brua mellom Bergen og Øygarden er verdas største heildigitale hengebru. Denne veka (39) skal dei ferdigstøypte senkekassane til brutårnet i Knarrvika fraktast på lekter og seinkast på plass.

Skisse av brua. - Klikk for stort bileteSlik vert brua sjåande ut.

Brua er designa og prosjektert  av Norconsult for Sotra Link. OPS-prosjektet riksveg 555 Sotrasambandet starta bygginga i vår og skal opna for trafikk sommaren 2027. Brua har eit hovudspenn på 608 meter og ei lengde på 901 meter.

Senkekassane er støypt og står ferdige på CCB-basen på Ågotnes. I løpet av veke 39 skal dei løftast over på lekter og fraktast til Knarrvika.

– Dette er ein stor og viktig milepåle for oss, seier assisterande byggjeleiar i Sotra Link Construction, Alson Bae.

Les meir på nettsida til Sotra Link.


Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Norconsult