Sei di meining om plansakar

Kort fortalt

  • Den som skal laga ein reguleringsplan skal alltid informera dei som har eigedomar i området.
  • Grunneigarar og huseigarar skal alltid informera eventuelle leigetakar og andre som har rettar i tilknyting til eigedomar innanfor planområdet.
  • Alle kan seia meininga si når kommunen eller andre startar opp arbeidet med ein reguleringsplan.

Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid

  • Du har størst moglegheit for å påverka utforminga av planen dersom du gjev innspel når planarbeidet startar opp.
  • Du skal senda innspela dine til den som utarbeider planforslaget. Det kan vera både kommunen og private firma.
  • Frist for å gje innspel er vanlegvis seks veker frå den datoen planoppstart vart varsla per brev til partar, og i avisa.

Reguleringsplaner som er på høyring

  • Når ein reguleringsplan er behandla første gong i utval for plan vert han sendt på høyring og offentleg ettersyn.
  • I høyringsperioden kan partar og andre interesserte sende inn merknad til planforslaget.
  • Dei mottekne merknadene vert ein del av saksframlegget når planen vedrt lagt fram til ny politisk behandling.

Grunneigarar vert varsla med eige brev

Kommunen annonserer høyringa i avisa, og sender i tillegg brev til grunneigarar, naboar og gjenpartar, fagstyresmakter og interesseorganisasjonar. Grunneigarar har plikt til å varsla andre som har rettar knytt til eigedomar i planområdet.

Seks veker høringsfrist

Frist for å senda inn merknader er vanlegvis seks veker frå det tidspunktet brev med varsel om høyring vert sendt til partar og annonsert i avisa. 

Kva skjer vidare?

Når høyringsfristen er over, startar arbeidet med å oppsummera merknader. I mange tilfelle må planforslaget endrast som følgje av desse merknadane. I tida fram til planen vert lagt fram for ny politisk behandling, vil du ikkje finna han på nettsidene våre.

Dei som sender inn merknader, får ikkje svar. Alle merknader frå private og offentlege etatar vert referert og kommentert som ein del av saksframlegget.

Når saka er klar, vert ho lagt fram for politisk behandling, med forslag om vedtak. Reguleringsplanar som er i strid med arealdelen i kommuneplanen, må vedtakast av kommunestyret.

Nyleg kunngjorte reguleringsplaner

Finn du ikkje planen du leitar etter? Nyleg kunngjorte reguleringsplanar finn du under kunngjeringar.

Partar får varsel om vedtak

Varsel om vedteken plan vert annonsert i avisa. Partar og personar som tidlegare har sendt inn merknader til planforslaget, får brev med varsel om vedtak. 

Informasjon om klagerett 

Du har rett til å klaga på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka. Frist for å klaga er tre veker frå den dagen vedtaket vart motteke.

Skriftleg klage skal sendast til
Øygarden kommune ved planavdelinga
Ternholmvegen 2, 5337 Rong, eller som e-post til postmottak@​oygarden.kommune.no.
Husk å oppgje bustadadresse.

Eventuelle krav om erstatning som følgje av planen, skal sendast til:

  • Informasjon om klagerett etter forvaltningslova (her kjem meir informasjon)
  • Rettsverknad av reguleringsplan, innløysning og erstatning (her kjem meir informasjon)

Gjeldande reguleringsplanar

Ei oversikt over gjeldande reguleringsplanar finner du i kartportalen til kommunen.