Kart og eigedomsinformasjon

Kommunekart

I kartløysinga til kommunen ligg alle arealplanar, grunnkart med eigedomsinformasjon, bygningar, vegnett, kartlagt med informasjon om friluftsliv, kulturminne, krinsar (skule, kyrkjesokn, valkrins).

Kommunekart for publikum

Kommunekart for tilsette

Målestokk: Alle kart er utarbeida med utgangspunkt i ein gitt målestokk som kartet skal lesast i. For nokre av karta i innsynsløysinga vil ein oppleve at karta forsvinn på nokre zoom-nivå. Dette vil vere fordi karta skal lesast og forståast i ein mindre målestokk.

Kommunekart App

Norkart sin kart-app kan lastas ned på smarttelefon og nettbrett. Den er tilgjengeleg i App-store og Google Play.

Planregister

Planregister er et register over alle arealplaner i kommunen. Her ligg alle dokument som hører til planen, slik som arealplankart, føresegner (bestemmelser), saksdokument (vedtak), planskildring og t.d. illustrasjonsplan. I planregister kan du søkje etter namnet på planen eller gards- og bruksnummer. Viss du ikkje veit kva planen heiter, men veit kor den ligg, så må du bruke kartløysinga.

Hjelp til å finne plandokument til ein reguleringsplan i kartløysinga: trykk på Kartlag oppe i venstre hjørne, då kjem det opp ein meny til høgre, huk av Plandata og trykk i kartet på den aktuelle planen. Trykk i menyen til høgre på Reguleringsplan. Trykk på nytt på Reguleringsplan og deretter på arealplaner.no. Du kjem no inn på ei side for den aktuelle planen kor du finn plandokumenta i saken. 

Plankart | Planregisteret

Eksterne kartløysingar

Artskart
Kvalitetssikra, stadfesta informasjon om artar i Noreg.

Bergen og Omland Friluftsråd (BOF)
Kart med oversikt over friluftsområde i 17 kommunar i bergensregionen, deriblant Fjell kommune.

Fiskeridirektoratet
Kartløysing med data om akvakultur, fiskeri og plan og sjøareal.

Gårdskart
Arealressursar og arealtal for den enkelte landbrukseigedom.

Hordanamn
Kartteneste med stadnamnformer og lydfiler med uttale av namn frå Hordaland.

Høydedata.no
Kartportal for nasjonale detaljerte høgdedata (laserdata). Du kan sjå på og laste ned høgdedata. Oversikt over laserskanningsprosjekt i Noreg.

Kilden
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudtema er landskap, jordsmonn, reindrift og skog.

Kulturminnesøk
Kart, bilete og informasjon om norske kulturminne.

Kystinfo
Kartløysing frå Kystverket med bl.a. ulike typar sjøkart, landkart, satellitt- og flyfoto, farleier, naturvernområde, ankringsområde og beredskapstema.

Miljøstatus
Omfattande kartløysing med tema knytt til miljø, samfunn, arealplanar m.m.

Nasjonal arealinformasjon
Samleteneste for mange ulike typar arealinformasjon. Hovudvekt på berggrunn, mineralressursar, lausmassar og grunnvatn.

Naturbase kart
Kart over utvalde natur- og friluftsområde.

Norge i bilder
Oversikt over ortofoto for heile landet.

Norgeskart
Kartverket sin landsdekkande kartløysing som mellom anna har landkart og sjøkart.

Sjå eigedom
Eigedomskart med grenser, gards- og bruksnummer, adresser, matrikkel- og grunnboksinformasjon for eigedommar i Noreg.

Turkart – UT.no
Kartløysing frå Den Norske Turistforening med turforslag, hytter og overnattingsstader i heile landet.

Vegkart
Statens vegvesen sin kartløysing med offentleg informasjon om vegane i Noreg.