Bli kjend med den flotte naturen i Øygarden kommune. Kystpasset gjev deg turar frå Hellesøy heilt nord til Lerøy heilt sør i kommunen. Kystpassturane gjev deg alt frå utsikt i alle himmelretningar til vandring gjennom smal passasje i ein fjellsprekk.
Du får oppleve blankskurte svaberg, grøne skogar, stupbratte klipper, kulturlandskap og historie. Om du har litt ekstra tid på turen er det mange plassar der det er flott å fiske, bade eller berre nyte livet i strandkanten. Du har 11 månader på deg til å fullføre dei 30 turmåla i årets Kystpass.
Ta med deg klippekortet du finn i heftet eller bruk appen, og klipp deg inn/sjekkinn framme på turdestinasjonane. Då vert du med i trekninga av fine premiar.
Pris
Kystpasset er gratis.
Korleis få Kystpasset?
Du kan hente Kystpasset i daglegvarebutikkar, på bensinstasjonar, biblioteka og innbyggjartorga i kommunen. Du kan også laste ned Kystpasset og sjekke deg inn på turmåla via Ut-appen.
Last ned appen i Google Play | Last ned appen i Appstore
Kystpasset 2022 (PDF, 12 MB)
Den digitale versjonen er no publisert i UT.appen (søk på lista Kystpass 2022) Dersom du skal bruke den digitale versjonen er det viktig å merke seg endringane i sjekkUT. Sjå bruksanvisning under.
I november 2021 vart Sjekk-UT appen stengt. All informasjon frå appen er integrert i den nye UT-appen. Dersom du lasta ned UT-appen FØR sommaren 2021 må du laste ned appen på nytt for å få med alle tidlegare innsjekk i Sjekk-UT appen. Hugs at du må bruke same e-postadresse som du brukte i Sjekk-UT appen.
Viss du ikkje har UT-appen frå før lastar du den ned i google Play (android) eller Appstore (iphone) og oppretter bruker. Appen er gratis. Hugs å svare “Tillat” på tilganger.
Kystpasslista finn du i UT-appen. Slik gjer du:
- Opne UT-appen
- Skriv Kystpass i søkefeltet øverst og scroll nedover søketreffa
- Vel Kystpass 2022 → trykk på Følg listen.
- Du er påmeldt og du kan sette i gang.
Når du skal sjekke inn (maks 100m frå turmålet):
- Opne UT-appen
- Trykk på profil nederst til høgre
- Trykk på mine lister
- Scroll ned til Kystpass 2022 og trykk på den
- Scroll ned til turen du vil sjekke inn på
- Trykk på SjekkUT
- Signer i gjesteboka og ta eit bilete om du vil. Du kan også finne turmålet ved å gå rett inn på kartet.
I lista ligg det berre Turmål (= eit gps-punkt). Her er det berre informasjon om sjølve plassen. Kvart turmål er lenka til Turforslag (= nøyaktig skildring av tur, adkomst og kart med nedlastbar gpx-fil) Denne lenka ligg eit stykke nede på sida til turmålet, under Lenker.
Dette nye oppsettet gjev deg mykje meir informasjon om korleis du kjem deg til turmålet samanlikna med oppsettet som var i Sjekk-UT appen.
Forklaring profil:
- Mine besøk = dine innsjekkingar
- Mine lister = lister du følger
- Mine turer = turforslag du har lagra
- Mine offline kart = kart du har lasta ned
Mine besøk og Mine lister er dei me bruker i samband med Kystpasset.
Kystpasset vart starta av gamle Sund Turlag, som i dag har blitt Sotra Øygarden Turlag. Det første Kystpasset vart lansert i 2013, med 14 turmål i gamle Sund kommune. Kystpasset vart motteke med stor entusiasme og i åra etter har både tal turmål og eksemplarar av Kystpasset auka.
I 2019 kom det første Kystpasset som dekka heile Øygarden kommune. I 2020 vart eit godt turår for mange, mykje takka Kystpasset. Mange tilbakemeldingar hr bidrege til å gjera Kystpasset og turane enda betre. Tusen takk til alle som er med å gå Kystpassturar, det bidreg til å halda liv i stiane våre.
Fotogalleri
Sist endra 03.05.2022 10.16