Retting i matrikkelen

Matrikkelen er Noreg sitt offisielle eigedomsregister. Hovudregel er at ein må rekvirera ei oppmålingsforretning for å oppdatere informasjon om eigedomsgrenser i matrikkelen. Det er ei opning for å rette i matrikkelen etter visse vilkår.

Kva er retting i matrikkelen og kva kan rettast?

Du kan krevja retting av opplysningar om bygning og eigedom i matrikkelen når vilkåra for dette er oppfylt.

 Vi tek her for oss korleis du kan krevja retting av grenser for din eigedom. Det er feilregistrering eller manglande registrering av tidlegare oppmålingsforretning, eller tilsvarande forretning, som er mogleg å rette i matrikkelen. Det vil sei at det må ligge føre eit kart utarbeidd av landmålar, som syner grensesituasjonen på ein etterretteleg måte. 

Manglande eigedomskartlegging eller unøyaktige målingar (t.d. skylddelte eigedomar, sirkeleigedomar) er ikkje rekna feil som er meint å rettast etter desse reglane

For slike eigedomar er det klarlegging av eksisterande grenser som er hovudregel for oppdatering av grenser i matrikkelen. Det gis likevel ei opning for slik retting, dersom du sender inn naudsynt dokumentasjon.

Ei retting betyr ikkje endring av eksisterande eigedomsgrenser, og vil difor ikkje føre til ei reell endring av grenser for involverte eigedomar. Det vil framleis vera skyldskifte (eller anna dokumentasjon) som er gjeldande for eigedomen sjølv om det er utført ei retting som naboane er samde i.

 For endring av grenser – sjå grensejustering eller arealoverføring.

Kven kan sende inn krav?

Eigar eller festar kan sende inn krav om retting for sin eigedom.

Vilkår for retting av tidlegare innmålte grenser:

•    Kravet må vera dokumentert.

•    Kart frå ei forretning utført av fagkyndig landmålar, som eit målebrev eller likande dokument.  

Vilkår for retting av skylddelte eigedomar og eldre jordskiftekart som ikkje seinare er klarlagd ved ei oppmålingsforretning:

•    Kravet må vera dokumentert (sjå utfyllande informasjon under)

•    Tydeleg kart. Du må teikna eit kart som viser nøyaktig kva som skal rettast.

•    Godkjenning frå involverte partar må sendast saman med kravet.

•    Tydeleg kart. Du må teikna eit kart som viser nøyaktig kva som skal rettast.

•    Grenser som vert endra eller lagt til ved retting, vert lagt inn som hjelpelinje og vil vise som stipla svarte/grå linjer i kartet (linjer viser at grenseforløpet er ukjent eller av dårleg kvalitet/ikkje oppmålte grenser).

Innkomne krav som ikkje følgjer ovannemnde vilkår for retting, vil ikkje verta behandla hos kommunen før dette er sendt inn.

Dokumentasjon

Innsendt krav må vera dokumentert. Dokumentasjonskravet er lagt til den som krev retting, og ikkje til kommunen som lokal matrikkelmyndigheit.

Slik sender du inn krav om retting

Fyll ut skjema og legg til føljande vedlegg:

Sende inn krav om retting (DOCX, 37 kB)

  •           Skyldskifte eller annan relevant dokumentasjon

o   Skyldskifte kan du bestille hjå Kartverket eller Statsarkivet i Bergen. Eigedomar som er oppretta før 1950 ligg hos Statsarkivet.

o   Kartverket: Kopi av tinglyst dokument | Kartverket.no

o   Statsarkivet: Digitalarkivet

o   Jordskiftekart kan du finne på domstolen sine sider for jordskiftearkiv: Se jordskiftesak

  •           Kart

o   Legg ved eit kart som tydeleg syner kva du ønsker å rette.

o   Du kan bruka kommunen si kartteneste Øygarden kart (kommunekart.com). Her er det mogleg å måle og teikna direkte i kartet.  

  •           Godkjenning frå berørte partar

o   Signatur frå partane som vert berørt av rettinga.

o   De kan sende inn kvar sin godkjenning til kommunen dersom det er vanskeleg å få alle signaturar på same ark.

Krav om retting sendast til:

Føring av krav om retting

Matrikkelførarar teiknar direkte på skjerm ut frå innsendt kart/filer, det er ingen oppmøte på ute på plassen. For skylddele eigedomar vil det leggjast inn linjer med dårleg kvalitet eller hjelpelinjer. Plassering av eigedomsgrensene og storleiken på eigedomen vil framleis ikkje vera nøyaktig i kartet for skylddelte eigedomar.

Etter utført retting vil dei involverte få tilsendt informasjon med kart.

Avvising av krav om retting

Krav som er mangelfulle vert avvist dersom ein ikkje sender inn etterspurt informasjon innan fristen. Du kan be om lengre frist.

Avslag på krav om retting

Dersom kravet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, eller om partane ikkje er samde om rettinga, kan kommunen avslå kravet. Ved avslag på krav om retting vil dei involverte partane verta underretta om dette. Eit slikt avslag gjev klagerett i samsvar med matrikkellova § 46. Meir informasjon vert sendt ut med eit eventuelt avslag.

Gebyr

Retting i matrikkelen er ikkje gebyrbelagt.

Oppmålingsforretning

Dersom ein ynskjer god kvalitet (koordinatfesta) grensepunkt/linjer og nøyaktig areal, må ein rekvirera ei oppmålingsforretning. Klarlegging av grenser ved ei oppmålingsforretning er den anbefalte måten å få oppdatert grenser i matrikkelen. Les meir om klarlegging av eksisterande grenser.

Lovverk for retting i matrikkelen

Matrikkellova §26 og matrikkelforskrift §10 har reglar om retting i matrikkelen.

Kontakt oss


Kontakt oppmålingsvakta og få svar på spørsmål om oppmålingsforretningar, eigedomsgrenser og grensejusteringar.