ArealoverføringLytt til tekstenStopp avspillingArealoverføring er overføring av areal mellom eigedomar med felles grense utan at arealet vert oppretta som ein eigen eigedom.Vilkår for arealoverføringDet må liggja føre løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova.Det må liggja føre nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.For mindre endringar av areal (inntil 5 prosent) vert det gjennomført grensejustering.Krava til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar. Dette vert gjort for å hindra prioritetskollisjonar mellom heftingar. Les meir om samanslåing og prioritet på nettsidene til Kartverket.Dersom det er tinglyst ein urådigheit på den avgjevande eigedomen, må samtykke frå rettighetshavaren leggjast ved.Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar, må det gjevast samtykke etter jordlova §12. I slike tilfelle må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet følgja søknaden. Les meir om konsesjon og landbrukseigedom. Slik søkjer duDu søkjer om arealoverføring av eigedom ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om tilråding til tiltak utan ansvarsrett.Søk om arealoverføringDokumentasjon til søknadNår du skal senda ein søknad om oppretting (deling) av eigedom, er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandla søknaden din.Dokumentasjon som må vera med søknadenNabovarsel SituasjonskartRekvisisjon av oppmålingsforretning Annan dokumentasjon som kan vera relevant til søknadenSøknad om dispensasjon Avkøyringsplan Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedomarEventuelle erklæringar om at eiegedomen (den opprinnelege eiendomen) gjer frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn- og avlaupsleidningar og eventuelt vedlikehald må også leggjast ved.Søknadsskjema og skildring av dokumentasjon Nabovarsel Bestill naboliste via InfolandFyll ut elektronisk nabovarsel ut frå motteke naboliste ovanfor. Det skal også leggjast ved eit situasjonskart som viser ønskt grense i utsendinga.Dersom du søkjer dispensasjon frå arealplan, må du hugsa å opplysa om det i nabovarselet. Andre som blir direkte berørt av delinga skal også varslast og gjevast moglegheit til å uttala seg.Dersom du får merknadar frå naboar, skal du senda desse til kommunen saman med søknaden.Naboar og gjenbuarar har to veker på å komma med merknadar. Det må ikkje gå meir enn eit år frå ein sender nabovarselet til kommunen mottar søknaden din. Dersom det går meir enn eit år, må du senda ut nytt nabovarsel.Fyll ut elektronisk nabovarselFyll ut skjema Kvittering for nabovarsel Korleis får eg situasjonskart? Her finn du informasjon om situasjonskart Rekvisisjon av oppmålingsforretning For å få tinglyst og registrert eigedommen i matrikkelen (eigedoms-registrert) må det rekvirerast oppmålingsforretning. Oppmålingsforretning vil verta halden etter at frådelinga er vedteken.Fyll ut skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføringUtsett oppmålingsforretning må grunnast med eigen søknad. Når må eg ha ein avkøyringsplan Dersom frådelinga krev opparbeiding av ny avkøyrsel eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg eller riksveg.Søk om ny eller endring av avkøyrsel For meir informasjon om avkøyring frå offentlig veg (lenkje til eiga side)Nyttig tips! Søk gjerne om endring eller ny avkøyring før søknaden om frådeling vert levert. Vi kan ikkje godkjenna søknad om frådeling før søknaden din om avkøyring er behandla og godkjend. Når må eg søkja om dispensasjon? Dersom søknaden ikkje oppfyller plan- og bygningslova sine bestemmelsar, eller er i strid med gjeldande plangrunnlag, er deleløyve betinga av dispensasjon, sjå plan- og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2.Sjekk planar og bestemmelsar for eigedommen din Før du byggjer, riv eller endrar må du sjekka kva planar og bestemmelsar som gjeld for eigedommen din. Planar og bestemmelsar er avgjerande for kva du kan gjera av endringar og kva du kan bruka bygget på eigedommen din til. Finn kva plan som gjeld for din eigedomDu må også søkja om dispensasjon dersom omsøkte delelinje(r) ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Du må grunna dispensasjonssøknaden skriftleg og leggja ved søknaden. Deling av landbrukseigedom Skal du dela frå ein landbrukseigedom, treng du løyve etter jordlova. For meir informasjon om jordlova sjå her. Send inn søknadSøknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:Øygarden kommuneTernholmvegen 25337 RongPris for oppmålingHer finn du prisar for oppmåling Sist endra 12.05.2025 09.18