Før du går i gang med eit byggeprosjekt, kan det vera nyttig å ta kontakt med oss for å få rettleiing.
Byggesak har rettleiing på telefon, nettmøte og ved personleg oppmøte.
Reserver møte med byggesaksvakta
Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor 15 minuttar til kvar samtale. Du kan også sende ei generell førespurnad til byggesak.
Treng du meir detaljerte avklaringar, sjå førehandskonferanse under.
Vi gjer merksam på at søknader ikkje skal til byggesaksvakta. Sjå under korleis du sender inn søknad.
Kva hjelper byggesaksvakta meg med?
Byggesaksvakta svarer på generelle spørsmål om byggesøknader og gir rettleiing om kvar du finn:
- Naudsynt informasjon
- Regelverk
- Riktig søknadsskjema
- Behov for situasjonskart
- Krav til teikningar
Kva hjelper ikkje byggesaksvakta meg med?
Vi kan ikkje teikne, prosjektere eller fylle ut søknaden din. Dette er på grunn av at kommunen ikkje kan handsame søknader som den sjølv har bidratt med å fylle ut. Vi kan forklare kva slags informasjon som blir etterspurt i søknadsblankettens enkelte poster.
Vi kan ikkje rettleie i pågåande byggesaker. Har du spørsmål til ei pågåande byggesak er det sakshandsamar i den aktuelle saka du må forhalde deg til.
Vi kan ikkje gje deg eit konkret estimat på prisen på din byggesøknad. Dette vil avhenge av om det er naudsynt med dispensasjon, mangelbrev m.m.