Kunngjeringsdato: 07.04.2020
Merknadsfrist: 05.05.2020
Saksnummer: 20/5067
Arealplan-ID: 124620150015
Opne i plankart
Status: Godkjent plan
Kort om planen
Planframlegget legg til rette for etablering av ny trasé for fylkesvegen 560 mellom Kolltveit og Vorland i Sund. Denne saka omhandlar delen av strekninga som ligg i tidlegare Fjell kommune. Gamal trasé vert omgjort til lokalveg/avlastningsveg. Vegen er om lag 15 kilometer lang og har 4 tunnelar og 7 bruer. Om lag 9 km av vegstrekninga ligg i tidlegare Fjell kommune.
Planen legg opp til løysingar for gang- og sykkeltrafikk, og det er lagt vekt på god samfunnsøkonomisk arealbruk og bustad- og næringsutvikling.
Reguleringsplanen er det andre delprosjekt i Sotrasambandet; fastlandssambandet Sotra – Bergen og nord-sørgåande samband på Sotra.
Du har rett til å klaga
Som part i saka eller ved rettsleg klageinteresse, kan du senda klage på vedtaket. Klagefrist er 05.05.2020. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven.
Dokument i saka
- Saksdokument med vedlegg (PDF, 4 MB)
- Plankart, 1-6 tunnel ny fylkesveg (PDF, 13 MB)
- Plankart, 1-7 ny fylkesveg (PDF, 17 MB)
- Plankart, 8-13 ny fylkesveg (PDF, 15 MB)
- Føresegner, datert 22.11.19 (PDF, 444 kB)
- Planskildring, datert 22.11.19 (PDF, 17 MB)
Verknad av planen
Planen er bindande for alt arbeid eller tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet.
Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast tre år etter denne kunngjeringa.
Reglane for innløysing er fastsett i plan- og bygningslova § 15-3. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. Sjå til plan- og bygningslova for fullstendig oversikt over reglane. Det er òg mogleg å ta kontakt med kommunen for utfyllande informasjon.
Som ei oppfølging av restriksjonane for å hindra smittespreiing av covid-19, vert ikkje planen gjort tilgjengelege i papirformat på Biblioteka.
Tek du kontakt med kommunen ber vi om at du viser til saksnummer: 20/5067