Fysioterapi for vaksne og eldre

Fysioterapeutar og ergoterapeutar i kommunen gjev behandling, trening og tilrettelegging til innbyggjarar over 18 år som av ulike årsaker har vanskar med å koma seg til fysikalsk institutt. Her finn du oversikt over fysikalske institutt med kontaktinformasjon.

Kven kan få tilbodet?

Innbyggjarar over 18 år med skade eller sjukdom som gjer det vanskeleg å bevega seg eller klara daglege gjeremål i kvardagen. 

Kva kan du få hjelp til?

Fysioterapeutane tilbyr trening av bevegelse, balanse og styrke. I samarbeid med deg vel vi tiltak og behandling i aktivitetar som er viktige for deg. Vi gjev behandling og trening i heimen din dersom du treng det. Vi kjem og til deg dersom du bur på sjukeheim eller i bufellesskap eller medan du er innlagt på intermediær avdeling. Nokre gonger er det best at du kjem til våre lokale for å få behandling. 

Behandling og trening kan vera i gruppe eller enkeltvis. Vi har fleire grupper for eldre.

Fysioterapi er eit lågterskeltilbod. Dette inneber at du treng ikkje tilvising frå lege, men kan søkje sjølv.

Slik søkjer du 

Søk om fysioterapi (PDF, 172 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Merk at det kan vera noko ventetid for å få fysioterpi.

Prisar

  • Same pris som for fysioterapeut med driftstilskot. Vurdering: takst A1a. Bassengtrening: takst C34d + C34g. Har du frikort 2 er tilbodet gratis.
  • nettsida til lovdata.no finn du informasjon om kostnad. Det vert sendt faktura frå kommunen kvar månad.
  • nettsida til Helfo finn du informasjon om egenandelstaket for frikort.

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtala time eller ei innkalling i posten, når fysioterapeuten har ledig tid til deg. Det kan vera ventetid før du får hjelp frå ein fysioterapeut.

Dersom du treng fysikalsk behandling og kan reisa til ein institutt, kan du ta direkte kontakt med ein av desse fysioterapeutene

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00