Fysikalske institutt

Vi har avtale med fleire fysioterapeutar ved ulike fysikalske institutt i kommunen. Du tek direkte kontakt med dei fysikalske institutta for å avtala tid. Når fysioterapeuten har avtale med kommunen får ein dekka deler av behandlinga gjennom folketrygda.

Kven kan få tilbodet?

  • Du som treng fysikalsk behandling, og som er i stand til å koma deg til fysioterapeut på eit institutt.
  • Du som treng hjelp frå fysioterapeut, men ikkje kjem deg til eit institutt.

Dersom du kan forflytta deg ut av heimen, men av ulike årsaker har vanskar med å koma deg til fysioterapeut (til dømes med bil eller rutegåande transport) kan du ha rett på tilrettelagt transport. Fysioterapeuten du kontakter vil informera deg om dette. Informasjon finst også på heimesida til pasientreiser

Må du ha fysioterapi i heimen, send søknad om fysioterapi her

Kva kan du få hjelp til?

Fysioterapeutane gjev behandling og trening til innbyggjarane. Dei held også diverse kurs, som t.d. artroseskulen.

Slik søkjer du

Du tek direkte kontakt med dei fysikalske institutta for å bestille time. Du kan bruke ulike fysikalske institutt også i andre kommunar. Dette gjeld også dei med avtale.

Oversikt over fysikalske institutt