Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Fysioterapi for barn og unge

Barn og unge med motoriske vanskar og nedsett funksjonsevne kan få undersøking og vurdering av barnefysioterapeutar i kommunen. Vi treffer barnet i våre lokale på Rong, Skogsskiftet eller Straume terapisenter. Vi gjer og vurderingar på helsestasjonane, i barnehagane, skulane og på heimebesøk.

Kven kan få tilbodet?

Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med bevegelse og motorikk kan få hjelp. 

Vi møter ofte barn med lettare motoriske vanskar, som til dømes forseinka grov- eller finmotorisk utvikling. Andre sentrale grupper er barn med meir alvorlege utviklingsforstyrringar og barn utsett for akutt skade eller sjukdom. Det kan også vera barn med kroniske lidingar, som nevrologiske, revmatiske og ortopediske sjukdomar, psykiske vanskar eller hjarte- og lungeproblematikk.

Mange av barna vi møter har samansette vanskar med behov for tverrfaglig oppfølging. Fysioterapeutene samarbeider med ergoterapeutene om vurdering, formidling og tilpasning av nødvendige hjelpemiddel.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegging av funksjon og ressursar
  • Vurdering, tilpassing og tilrettelegging av trening, aktivitet og leik
  • Rådgjeving/rettleiing til føresette og samarbeidspartnarar

Slik søkjer du

Søk om fysioterapi til barn (PDF, 172 kB)

Send skjema til:
Øygarden kommune - Helse, meistring og rehabilitering
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Barn og unge ved føresette kan sjølv søkja om tenester frå avdeling helse, meistring og rehabilitering. For at vi skal vita kva barnet treng hjelp til, må de fylla ut søknadsskjemaet om fysio- og ergoterapitenester. Foreldre kan også kontakta helsestasjonenfastlegen, barnehagen/skulen eller andre instansar i kommunen for å få hjelp til å fylla ut og senda søknad for barnet. 

Prisar

Tenesta er gratis for barn 0-16 år.

For ungdom over 16 år:
På heimesida til helsenorge og heimesida til Norsk Fysioterapiforbund finn du meir informasjon om betaling og eigendelar. 

Kva skjer vidare?

Du får enten ein telefon for å avtale time eller ei innkalling i posten, når fysioterapeuten har ledig tid til deg.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00