Om Friskliv og meistring

Friskliv og meistring er ein helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste. Tenesta er for deg som ønskjer støtte til å endre levevanar for betre helse, og meistre helseutfordringar for ein betre kvardag.

Kven kan få tilbodet?

  • Vaksne som har behov for støtte til å endre levevanar for betre helse og meistre helseutfordringar
  • Vaksne som har økt risiko for, er i ferd med å utvikle, eller har utvikla sjukdom som følgje av levevanar.
  • Vaksne med samansette og langvarige helseutfordringar, kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
  • Familiar som har barn i alderen 8-12 år med overvekt eller fedme
  • Du som ønskjer å slutte å røyke eller snuse
  • Pårørande kan delta på kurs saman med deltakar eller på eigenhand
  • Tilboda er for deg som er busett i Øygarden kommune

Tilboda er gruppebasert og ein må kunne sjå nytte av å dele erfaringar og lære av andre. Kursa er dialogbaserte og går føre seg på norsk. Det er derfor ein fordel om deltakarar forstår, og gjerne snakkar noko norsk. Bruk av tolk kan vurderast ved behov. For framandspråklege kan eigne gruppebaserte temasamlingar / kurs vere aktuelt. Kontakt oss ved spørsmål om dette: frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no.  

Tilboda erstattar ikkje individuell oppfølging frå autorisert helsepersonell andre plassar.

Kva kan du få hjelp til?

  • Livsstilsendring
  • Betre kosthald og matvanar
  • Fysisk aktivitet
  • Snus/røykeslutt
  • Meistring av helseutfordringar / kroniske belastningar
  • Leve godt med KOLS
  • Kurstilbod dersom du har eit barn med overvekt/fedme
  • Aktiv mot kreft

Dei tilsette hos Friskliv og meistring er utdanna innan helse, for eksempel fysioterapi, ernæring, sjukepleie, folkehelse, kognitiv terapi og fysisk aktivitet.

Her finn du oversikt over kurstilbod | Her finn du oversikt over treningstidbod

Deltaking på kurs og treningsgrupper

For påmelding eller spørsmål kan du ta kontakt med Friskliv og meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50. 
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post. 

Din fastlege kan òg tilvise til oss ved å fylle ut Frisklivsresept.

I forkant av kurs og/eller oppstart i treningsgruppe vil vi kontakte deg for ei samtale. Dersom du er usikker på kva tilbod som vil passa deg, så finn vi ut av det i lag. Viss vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod, gjev vi deg nødvendig informasjon.

Friskliv og meistring er ein kommunal helseteneste, og det vil bli ført journal i tråd med helsepersonellova om deltaking hos oss. Det blir gitt tilbakemelding til fastlege etter deltaking på kurs og treningstilbod hos Friskliv og meistring.

Vi følgjer skuleruta

Sosiale medium

Følg Friskliv og meistring på sosiale medium for inspirasjon og idear for gode kvardagar:

Frisklivsresept

Her finn du meir informasjon om frisklivsresept

Prisar

Dei fleste av kursa har ein liten eigenandel. Informasjon om dette finn du under kvart enkelt tilbod.

Kursoversikt

Kurs- og aktivitetskalender

Anna informasjon

Nyttig informasjon

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume