Frisklivsresept

Fastlege, spesialist eller anna helsepersonell kan fylla ut ein frisklivsresept til deg som ønskjer hjelp og støtte til å endra vanar knytt til fysisk aktivitet og kosthald. 

Ein frisklivsresept fungerer som ein tilvising til Friskliv og Meistring. Du kan skriva ut og ta med frisklivsresepten til lege for utfylling, eller be lege om å skriva han ut.

Levera frisklivsresept

  • Fysisk levering: Du kan sjølv levera resepten fysisk i resepsjonen på Straume Terapisenter.
  • Post: Du kan senda resepten i vanleg post til adresse:
    Øygarden kommune - Friskliv og meistring
    Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Kva skjer vidare?

Når frisklivsresepten er registrert i vårt system vil du bli kontakta og få tilbod om ei helsesamtale. Saman vurderer vi kva tilbod som er det rette for deg, og utarbeider ein plan og mål for endringane du vil gjera. Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod, gjev vi deg nødvendig informasjon.

Oppfølging på frisklivsresept varar i 6 månadar. Du vil få tilbod om ei samtale ved slutten av oppfølgingsperioden. 

Det blir gitt tilbakemelding til fastlege/tilvisar etter deltaking på kurs og treningstilbod hos oss. Dette gir høve for god oppfølging av din helsesituasjon.   

Frisklivsresept (PDF, 386 kB)

Friskliv og meistring
E-post
Telefon 55 09 68 50