Formål
Dagtilbod skal gje innbyggjar høve til å oppleva sosialt fellesskap, delta i aktivitetar og oppretthalda funksjonsnivå.
Målgruppe
Heimebuande eldre og personar med kognitiv svikt eller pårørande med særleg tyngjande omsorg.
Kva kan du få hjelp til?
Dagtilbod er eit tilbod for deg som bur heime og ikkje kan nytta deg av andre opne aktivitetstilbod i kommunen. Tilbod er lovpålagt for personar med demensdiagnose. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og næringsrike måltid. Dagsenter er og eit tilbod for pårørande med særleg tyngjande omsorg som treng avlastning i kvardagen.
Dagtilbod består av tilpassa aktivitetar som skal bidra til å meistra funksjonar i kvardagen. Tilbodet skal gi meining, meistring og gode opplevingar for den enkelte. Vi tilstrebar at aktivitetar er tilpassa den enkelte innbyggjaren og samansetjing i gruppa. Tilbodet kan tildelast ein eller fleire dagar per veke basert på behov, tilgjengeleg plass og inkluderer måltid og transport til/frå.
Kriterium og vurdering
Deltaking i dagtilbod føreset at:
- Du kan delta i gruppe
- Du er fysisk mobil, eventuelt ved hjelp av forflyttingshjelpemiddel.
- Du har ikkje behov for særskilt tilrettelegging eller kontinuerleg oppfølging og tilsyn
- Du har ikkje behov for vedvarande skjerming for å ivareta eigen integritet.
Vedtak om dagtilbod vert avslutta dersom du får innvilga vedtak om heildøgns omsorg (langtidsopphald i institusjon eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning). Det same gjeld dersom du ikkje nyttar dagtilbodet i ein periode på to månadar. Dersom du er på avlastingsopphald, fell dagtilbod bort, med mindre du kan organisera eigen transport.
Kva forventar vi av deg som mottek dagtilbod?
- Du melder frå så tidleg som mogleg om tenesta ikkje skal nyttast til avtalt tidspunkt
- Du tar med nødvendig utstyr til aktiviteten.
Praktiske opplysningar
Dersom du treng transport for å nytta deg av tilbodet, legg vi til rette for det. (Om du ønskjer å nytta anna transport, betaler du dette sjølv).
Dagaktivitetstilbod
Forskningsprosjekt
Vil du delta i forskningsprosjektet Memory for Music?
Slik søkjer du
I søknadsskjema skriv du kva du treng bistand og hjelp til. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje ei fullmakt som må lastast opp som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ein fullmakt skal innehalde (DOC, 209 kB).
Digitalt søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Pris
Det er eigenbetaling for tenesta. Dagtilbod for avlasting pårørande har ikkje eigenbetaling.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket