Aktiv365

Dagaktivitet Aktiv365 er ein møteplass for personar med utfordringar knytt til hukommelse, som ønsker meiningsfulle opplevingar og aktivitet i kvardagen.

Tid | Stad

Måndag og onsdag kl. 10.45 - 14.45 | Sporty treningssenter, Straume.

Kven kan få tilbodet?

Aktiv365 er tilpassa personar med utfordringar knytt til endring i minne og demenssjukdom. Målet er at aktivitet og sosialt fellesskap skal bidra til ein meir meiningsfull kvardag og styrking av helsa generelt. Ulike aktivitetar både inne/ute og måltidsfellesskap, saman med kjekke instruktørar og andre deltakarar.

Innhald i aktivitet

  • Tilpassa varierande program med fysisk og mental aktivitet inne/ute
  • Felles lunsj (frukt/yoghurt) og middag på Sporty
  • Transport er inkludert. Tidspunkt for transport avhenger av kor ein bur, men ein blir henta før kl 10.45 og heimkøyring er etter kl. 14.45.
  • Du treng klede og sko for aktivitet både inne og ute kvar gong. 

Pris

  • Aktivitet og transport: Kr. 115,-
  • Middag og dessert: Kr. 155,-

Pris vert justert ein gong pr. år.

Slik søkjer du

I søknadsskjema skriv du kva du søkjer.

Dersom ein annan person søkjer på vegner av deg, må du leggja ved ei fullmakt. Last opp fullmakta som vedlegg til søknaden. Du kan bruke denne malen dersom du er usikker på kva ei fullmakt skal innehalde (DOC, 209 kB).

Digital søknad

Du loggar inn gjennom den nasjonale ID-porten. Logg inn og fyll ut digital søknad:

Søk om helse- og omsorgstenester (digitalt skjema)

Søknadsskjema på papir

Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 469 kB)
Send ferdig utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune, Postboks 33, 5331 Rong

Treng du hjelp til søknad eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kontakt gjerne Demensteamet på telefon  911 14 110 eller Heimetenesta på telefon 56 16 05 00.