Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

For deg som er barn eller ungdom

Når ting blir vanskeleg, kan det verka som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vera mange ting som er vanskelege å handtera åleine. I Øygarden kommune er det mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg.

Kven du kan snakka med i Øygarden kommune?

  • Snakk med ein vaksenperson du stolar på. Det kan vera ein lærar eller andre vaksne på skulen, trenaren i idrettslaget ditt, ein vaksen i korpset, eller foreldre til ein god venn.  
  • Skulehelsesøster har faste dagar på skulen. 
  • Helsestasjon for ungdom (HFU) 
  • Barnevernet har vakttelefon 

Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpa deg til å koma i kontakt med rett person. Gå til den du synest det er lettast å snakka med. 

Kven andre du kan snakke med?

  • Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis naudtelefon for barn og vaksne
  • Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakka eller skriva med.
  • Sidetmedord.no Døgnopen teneste 
  • Kors på halsen  På Kors på halsen kan du prata med, eller skriva til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seia og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00.
  • Politiet på telefon 112

Informasjon om ulike tema 

Videoklipp