Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føra kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret.

  • Kontrollutvalet skal i første rekke føre samanhengande tilsyn og kontroll med forvaltninga i kommunen på vegne av kommunestyret, medrekna å sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
  • Utvalet kan i prinsippet ta opp eitkvart forhold ved kommunen si verksemd så lenge det kan definerast som kontroll eller tilsyn. Utvalet kan likevel ikkje overprøve politiske prioriteringar utført av kommunen sine folkevalde organ.
  • Kontrollutvalet kan berre sjå til at dei vedtak som er tekne og at verksemda elles er i tråd med rettslege krav til kommunen. Det vil seie om vedtak er tekne av kompetent organ etter korrekt saksbehandling og om vedtaket er gjennomført som fastsatt. Kommunelova §23-5 viser også til at kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret

Til hjelp i kontrollarbeidet får kontrollutvalet utført:

  • Rekneskapsrevisjon
  • Forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i
  • Eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i
  • Andre kontroll- og tilsynsoppgåver ved bestillingar til den valde revisor

Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1

Møteplan

Her finn du oversikt over møte i Kontrollutvalet og sakspapir.
Sakspapir er tilgjengeleg om lag 7 dagar før kvart møte.

Medlemmer

Kontrollutvalet har 7 representantar.

Her finn du oversikt over representantar med kontaktinformasjon.

Utvalsleiar Stian Oen, Ap - Klikk for stort bilete
Nestleiar Inge Kausland, H - Klikk for stort bilete
Ann Kristin Kløvrud Eriksen, Ap - Klikk for stort bilete
Marit Fjæreide, FrP - Klikk for stort bilete
Synnøve Tovsrud, H - Klikk for stort bilete
Jostein Bø, INP - Klikk for stort bilete
Egil Morland, KrF - Klikk for stort bilete

Møte vert sendt på kommune-TV

Møta i Kommuneplanutvalet vert strøyma på kommune-TV. Du kan sjå møta undervegs eller i etterkant av møta.

Reglement

Reglement for møte i folkevalde organ – Sjå pkt 12.5 for reglement for kontrollutvalet

Førespurnader til kontrollutvalet

Som innbyggar i kommunen kan du vende deg til kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon. 

Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle henvendingar som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a. 

Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandle dei saker som kommunestyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld henvendingar frå andre enn kommunestyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det henvendinga tek opp.

Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som vender seg til kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.

Førespurnader kan sendast til sekretariatet for kontrollutvalet.

Sekretariat

Vestland fylkeskommune er sekretariat for kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under kommunedirektøren sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.

Kontaktinformasjon til sekretariatet

Einar Kåre Ulla
Telefon: 971 90 734
E-post: Einar.Kare.Ulla@vlfk.no

Postadresse:
Vestland fylkeskommune - Sekretariat for kontrollutval
Postboks 7900
5020  BERGEN

Revisjon

Øygarden kommune har avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Det omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i og andre kontrolloppgåver i regi av kontrollutvalet.

Nyttige lenkjer