Klageutvalet - Formannskapet er klageutval

Klageutvalet er kommunen si «særskilte klagenemnd» og skal behandla klager på enkeltvedtak fatta av kommuneadministrasjonen, jf forvaltningslova § 28 og der ikkje anna klageinstans er særskilt bestemt i loven. Formannskapet vart ilagt ansvaret for klagesakene frå 19.06.25 og det særskilte klageutvalet vart avvikla frå same dato. 

Døme på enkeltvedtak det kan klagast på: aktuelle helse- og omsorgstenester, barnehageopptak, HC-parkeringsløyve, startlån, kulturskule, brannvern, kommunale gebyr o.l.
Klageutvalet prøver alle sider ved det påklaga vedtaket, og kan ta omsyn til nye omstende og opplysningar som ligg føre på vedtakstidspunktet. Utvalet kan avvise saka, oppheve, endre eller stadfeste det påklaga vedtaket, jf.  forvaltningslova § 34.

Mange av klagesakene er unnateke offentlegheit. Møta i formannskapet vert lukka under behandling av slike saker.

Møteplan

Her finn du oversikt over møte i formannskapet (som er klageutval), sakspapir, leiar og medlemer med kontaktinformasjon 

Medlemmer

Formannskapet (som er klageutval) har 11 medlemer.
Her finn du oversikt over representantar med kontaktinformasjon.

Reglement