Vurdering av habilitet

Å vere inhabil i ei sak kan alle oppleve frå tid til annan, og det er viktig at reglane om habilitet er kjent for dei folkevalde. Her finn du sjekkliste for folkevalde.

Kva er habilitet

Som folkevald vil du kunne kome i ein posisjon kor det kan stillast spørsmål om du er inhabil til å vere med på å fatte vedtak i ei sak som er til behandling. At ein er inhabil inneber at det ligg føre omstende som er eigna til å svekke tilliten til din upartiskheit, og det handlar om kva for personleg posisjon man har i ei sak. Dette kan vere at man står nær den som er part i ei sak, eller at man har økonomiske interesse i eit bestemt utfall av ei sak.

Habilitetsreglar

Føremålet med habilitetsreglar er å sikre korrekte avgjerd, oppretthalde tilliten til dei som fattar avgjerdene, og beskytte avgjerdstakarane mot at det sås tvil om deira truverd. Det er ikkje kritikkverdig å vere inhabil, men det kan vere kritikkverdig å ikkje fråtre om ein er inhabil.

Alle folkevalde skal sjølv vurdere om dei er habile til å behandle og treffe avgjersle i ei sak. Folkevalde skal i god tid seie i frå til utvalsleiar om forhold som gjer at han/ho kan vere inhabil. Varamedlem eller annan stadfortredar bør bli kalla inn til møte og delta ved avgjersla dersom det kan bli gjort utan vesentleg tidsspille eller kostnad. Den folkevalde kan ikkje delta i røysting over habilitetsspørsmålet.

Sjekklista skal hjelpe deg med å vurdere habiliteten din. Svarar du ja på eit eller fleire spørsmål er du inhabil til å delta i behandlinga av saka.

Gjer ei god vurdering i god tid før møtet

For å sikre ei god vurdering bør du vurdere din eiga habilitet i god tid før møtet viss det er mogleg. 

Vurdering av automatisk inhabilitet etter forvaltningslova § 6, 1. ledd 

Forvaltningslova § 6 første ledd bokstav a til e lister opp ei rekke tilknytingsformer som automatisk medfører inhabilitet. Det betyr at dei forhold som omfattast av føresegna medfører at den folkevalde er inhabil, utan at det må takast nokre ytterlegare vurderingar.

Kva er svaret på disse spørsmåla? Ja eller nei?

  • Er du sjølv part i saka?    
  • Er du i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande line, eller i sideline så nær som søsken?  (Gjeld altså ikkje stesøsken, søskenbarn eller søsken sine barn og barnebarn.)
  • Er du, eller har du vore gift med eller forlova med ein part i saka?    
  • Er du, eller har du vore fosterforelder eller verje til en part i saka?
  • Er du leiar eller har leiande stilling, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for:
    a)    eit samvirkeføretak, foreining, sparebank eller stiftelse, eller
    b)    eit selskap som er part i saka? Part: Part i saka er du når avgjerda rettar seg mot deg eller saka elles direkte gjeld deg.

Er svaret nei på alle spørsmåla?

Viss du svarer nei på spørsmåla over kan du likevel vere inhabil etter den såkalla "sekkeregelen" i forvaltningslova § 6, 2. ledd. Då skal ein gjere ei skjønns messig vurdering av om det ligg føre "særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til din upartiskheit". 

Vurdering av inhabilitet etter forvaltningslova § 6, 2. ledd

Ligg det føre særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til at du er upartisk i saka? Med «særeigne» meina ein at situasjonen må vere ein som ikkje mange finn seg i. Det er likevel ikkje eit krav at forholdet er unikt, jamfør SOMB-1998-9.

Moment i vurderinga:

  • Inneber saka særleg fordel, tap eller ulempe for deg eller annan person som du har nær tilknyting til? Kva slags fordel/ulempe og kor stor er denne?
  • Vil inhabilitetsmotsegn kunne bli reist av ein part?
  • Har du private økonomiske interesser av relevans for saka?
  • Har du ideelle eller politiske interesser som påverke din partiskheit?
  • Har du andre roller i kommunen som påverke din partiskheit? (til dels tilsett og har deltatt i førebuing av saka)
  • Har du eit særleg nært personleg vennskap eller uvennskap med ein part?
  • Kva slags fordel/ulempe og kor stor er denne?
  • Kor sannsynleg er det at denne fordelen/ulempa trer inn?
  • Er dette eigna til å svekke tilliten til at du vil behandle saka objektivt?

Det må vere ein særleg samband mellom den folkevalde og saka, og det må vere noko som skil seg frå det som er typisk for slike relasjonar. For eksempel eit særleg nært vennskap/uvennskap, naboforhold eller konkurranseforhold.

Trur du det kan vere "særeigne forhold" i saka? Kontakt politisk sekretariat

Viss du kjem til at det kan ligga føre "særeigne forhold" for deg i denne saka, må du reise spørsmål om din habilitet ved behandling av saka. Dette må du gjere i god tid før møtet, slik at vararepresentant eventuelt kan kallast inn. Ta kontakt med politisk sekretariat ved møtesekretær.

Hjelp med vurdering for vanskelege tilfelle

Viss tilfellet ditt er vanskeleg og du ønskjer ei vurdering ber vi deg bruke skjemaet under. Dette for å sikre at vi får informasjonen vi treng for å gjere vurderinga. Send inn skjema i god tid før møtet.

Skjema for vurdering av habilitet

Inhabilitet når kommunen er endeleg klageinstans

  • Har du vore med å førebu eller treffe det opphavlege vedtaket?
    (Gjeld ikkje saker som skal vidare til Statsforvaltaren / der kommunen er underinstans)

Dersom du har svart ja på eit eller fleire av spørsmåla i tabell over er du inhabil, med mindre eit av følgande vilkår gjeld for deg:

  1. Den konkrete saka gjeld val av personar til offentlege tillitsverv eller godtgjersle for slike verv.
  2. Du er tilsett i kommunen og har deltatt i saksførebuinga eller fatta vedtak, men den konkrete saka som skal bli behandla i det folkevalde organet er årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi eller regional plan.

Slik vert habilitetsspørsmål behandla i møtet

  1. Møteleiar tek opp spørsmålet før saka vert behandla
  2. Den det gjeld uttalar seg om spørsmålet og fråtrer
  3. Eventuell varamedlem tiltrer
  4. Det folkevalde organet avgjer sjølv om medlemen er inhabil og stemmer over habilitetsspørsmålet
  5. Avgjerda vert protokollført
  6. Saka vert behandla. 

Lovar og reglar