Varsel om oppstart av Detaljregulering for Smeaheia Co2 anlegg GBNR 202/63 - Stura

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Smeaheia Co2 anlegg GBNR 202/63 - Stura, planID: 20240002.

Kunngjeringsdato: 30.04.2024
Merknadsfrist: 12.06.2024
Saksnummer: 23/20511
Arealplan-ID: 20240002
Opne i plankart 
Plandokument arealplaner.no
Status: Planoppstart
Gardsnamn: Stura

Kort om planen

Oppstartsmøte for planen vart halde den 12.12.2023 og 01.02.2024.

Føremålet med planarbeidet er å regulere areal til mellomlagringsanlegg for CO2 med tilhøyrande kai på Sture. Planen skal òg regulere røyrtrasé i retning av reservoar i nordsjøen for permanent lagring av CO2. Reguleringsplanen vil regulere røyrtrasé ut til 1 nm frå grunnlina. Varslingsområdet er stort ettersom røyrtrasé ikkje er valt og for å sikre naudsynt areal for omsynssoner. Val av røyrtrasé vert del av planprosessen og det er kunn valt trasé som vil verte regulert.

Tiltaket er vurdert å ha krav til konsekvensutgreiing jf. konsekvensutredningsforskriften § 6.

Plangrense som inkluderer landanlegg på Sture og alternative røyrtrasear i Øygarden og Fedje kommunar.  - Klikk for stort biletePlangrense som inkluderer landanlegg på Sture og alternative røyrtrasear i Øygarden og Fedje kommunar.

Planstatus

I kommuneplanen er Stureterminalen sett av til næringsformål med sone for at reguleringsplan fortsatt skal gjelde. Blå sirkel sør og vest for Austevågen er areal i sjø som er sett av til fiske. Rosa farge lengre sør er areal sett av til akvakultur. I sjø er det sone for militær verksemd.

Utsnitt av kommuneplan. - Klikk for stort bileteUtsnitt av kommuneplan.

Følgjande planar kan verte heilt eller delvis erstatta av plan for Smeaheia, og det vert difor varsla mogeleg oppheving av desse:

  • reguleringsplan for Stureområdet og oljerøyrleidning, plan id 125919860002
  • reguleringsplan for Oljeledning Hjartøy-Sture (GRANE), plan id 125920010003
  • detaljregulering for Hjartøy, plan id 125920170002

I tillegg kan reguleringsplan for Vestprosess OTC Kollsnes-Sture, plan id 125919980002, verte delvis erstatta.

Plangrense ved Sture og mot vest med gjeldande reguleringsplanar. - Klikk for stort biletePlangrense ved Sture og mot vest med gjeldande reguleringsplanar.

Ope møte

Velkomen til opent møte om saka på Tjeldstø skule i gymsalen, 28. mai kl. 19.00.

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister.

Saksgang

I denne fasen, kan ein sende inn merknad til oppstart av planarbeidet. Alle merknadar som vert sendt inn skal bli vurdert av plankonsulent. Etter at meldingsfristen er gått ut vil plankonsulent utarbeide eit planforslag, som vert sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling. Etter 1. gangsbehandling vert planen lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknadar til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan du følgje via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 23/20511.

Har du merknadar til planarbeidet?

Spørsmål og merknad kan du sende til plankonsulent:
ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os

Eller e-post: offentligettersyn@abo-ark.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 12.06.2024.