Vanleg barnehage- og skuledrift på fredag

Det er sendt ut oransje farevarsel om store mengder snø i kystområda sør i Vestland det neste døgeret. Situasjonen kan verta krevjande for fleire av dei kommunale tenestene i Øygarden. Det er likevel konkludert med at det skal vera vanleg barnehage- og skuledrift på fredag.

Ill.foto. Sund ungdomsskule - Klikk for stort bileteIll.foto. Sund ungdomsskule

Leiinga i Øygarden kommune har vurdert situasjonen for drift av barnehage og skule.

- Vi har konkludert med at det er forsvarleg å halda barnehagane og skulane opne. Nokre stader i kommunen kan det verta vanskeleg å ta seg fram. Dersom føresette vel å halda barna heime frå barnehage eller skule, ber vi om at dette vert meldt til barnehagen og/eller skulen, seier kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.

Kommunalsjefen gjer merksam på at skuledagen kan verta noko annleis dersom tilsette vert forhindra i å møta på jobb i morgon.

Dersom situasjonen endrar seg vesentleg, vil kommunen koma med ny informasjon.

Les meir om beredskapssituasjonen i Øygarden her.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen