Er i beredskap

Det kraftige snøværet fører til utfordringar for kommunale tenester. Heimetenesta prioriterer nødvendig helsehjelp.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Torsdag oppgraderte Meteorologisk institutt eit allereie gult farevarsel, til oransje for delar av Vestland. Det er meldt om 20 til 40 centimeter med snø i ytre strok i den sørlege delen av Vestland.

Beredskapssjef June Johannesen seier at den kommunale kriseleiinga vert kalla inn om nødvendig. Heimetenesta kartlegg situasjonen og prioriterer nødvendig helsehjelp. Les meir om heimetenesta her (frå 16.01.).

- Det kan vetra utfordringar å koma fram til brukarar av heimetenesta ettersom det fleire stader ikkje er brøytt på sidevegane. Røde Kors Hjelpekorps kors har vore i kontakt med kommunen og tilbyr hjelp. Vi vil nytta oss av dette om nødvendig. Skulle det oppstå fare for liv og helse, har vi viktige interne ressursar, som til dømes Øygarden brann og redning, seier Johannesen. 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at kommunen er i beredskap.

-    Situasjonen er krevjande, og vi prioriterer liv og helse. Vi er særleg oppteken av at alle får nødvendig heimeteneste. Det er også fint om pårørande er ekstra merksam på situasjonen for dei som treng denne tenesta. Eg oppmodar folk om å nytta heimekontor dersom dei har høve til det, seier ordføraren.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland