Utfordringar for heimetenesta
Det kraftige snøveret fører til at nokre brukarar av heimetenesta får redusert hjelp.

Einingsleiar for heimetenesta, Marianne Våge Berland, seier at det er nokre som ikkje har fått besøk av heimetenesta i dag. Andre har opplevd forseinka heimeteneste.
- Vi prioriterer nødvendig helsehjelp. Ettersom det nokre stader er vanskeleg å koma seg fram, vil ein del brukarar oppleva at vi kjem til andre tider enn det som planlagt. Dei som får eit redusert tilbod, eller at hjelpa må gå ut, vil få melding om det, seier Våge Berland.
Publisert 16.01.2024 14.50