TREFF+ Rong Senter: inspirerande moteshow

Lokale modellar viste fram trenden i år når det gjeld vår- og sommarmote for seniorar. Dette fekk mange med seg, heile 58 personar møtte opp for å få med seg siste nytt frå motebransjen. 

Lokale modellar viste fram trenden i år når det gjeld vår- og sommarmote for seniorar - Klikk for stort bilete

Seks spreke modellar viste fram ulike antrekk frå Bricks. Her fekk ein mange gode tips og råd om både fargar og mulige kombinasjonar. Til Abba musikk og applaus svinga modellane seg på den raude laupar. TREFF+ sin represetant på Rong, Vigdis James, hadde handplukka modellane og organisert det heile saman med styremedlem, senterleiar og butikkeigar på Rong senter, Marita Torsvik Solås. Dei vart takka av styreleiar Berit Anita Knudtsen Larsen.

Huset Spiseri hadde dekka på med kaffi og kake og inviterte alle på varm buffet etter showet. Seniorkameratane laga god trekkspelmusiikk og god stemning både før og etter showet. Alle fekk ein sosial og hyggeleg oppleving, med gode tilbod på både mat og klede.

Rong barnehage og beburarar på Tednebakkene omsorgssenter vart spesielt inviterte. På Tednabakkene får dei besøk frå Bricks 12. mai med høve til å prøve ut nokre av kleda dei fekk sjå på showet.

Tekst og foto: Unni Sørensen, Øygarden kommune

Her finn du meir informasjon om TREFF+

Fotogalleri

Inspirerande moteshow på Rong Senter - Klikk for stort bilete