Tysdag 1. oktober troppa tre kvinner opp på rådhuset for å ha sin første arbeidsdag. Kommunedirektør Johnny Breivik er begeistra over at kultursjef, næringssjef og barne- og familiesjef no er klare for innsats for Øygarden kommune.
Frå venstre; Marian Guddal Hansen, Monica Johannesen Mørk, Marianne Furheim og Johnny Breivik.Marian Guddal Hansen er vår nye kultursjef. Ho kjem frå stillinga som administrasjonsleiar i Museum Vest. Marianne Furheim er tilsett som næringssjef. Ho har vore dagleg leiar i Straume Mesterbygg AS. Monica Johannesen Mørk er tilsett som barne- og familiesjef. Ho kjem frå jobben som tenesteeiningsleiar på Bergen Vest politistasjon.
Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommune-Noreg står ovanfor store omstillingar i tida som kjem.
- Det er avgjerande å tilpassa det kommunale tenestetilbodet til morgondagens behov. Med desse tilsetjingane får vi tilført ny og verdifull kompetanse som vi treng for å lukkast i åra som kjem, seier han.
Barne- og familiesjefstillinga er nyoppretta etter ei omorganisering og Monica Johannesen Mørk får det øvste ansvaret for barne- og familieområdet i kommunen.
Som kultursjef får Marian Guddal Hansen det overordna ansvaret for avdelingane kultur, idrett og frivilligheit, kulturskulen, ung kultur og innbyggartorg og bibliotek.
Den nye næringssjefen, Marianne Furheim, skal mellom anna arbeida i det viktige skjeringspunktet mellom næring og tenestene i kommunen innan areal, plan og byggesaker.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Sist endra 02.10.2024 08.04