Ho er tilsett som kultursjef

Marian Guddal Hansen (47) er tilsett som kultursjef i Øygarden. Ho er i dag HR- og administrasjonsleiar i Museum Vest.
- Eg ser fram til å vera med på laget til ein kommune som er framtidsretta og vil mykje, seier Guddal Hansen.

Marian Guddal Hansen - Klikk for stort bilete

Som kultursjef får ho det overordna ansvaret for avdelingane kultur, idrett og frivilligheit, kulturskulen, ung kultur og innbyggartorg og bibliotek.

Marian Guddal Hansen har vore HR- og administrasjonsleiar på hovudkontoret til Museum Vest på Strusshamn på Askøy dei siste fire og halvt åra. Den lengste arbeidsbolken har ho hatt i Røde Kors der ho i løpet av 14 år både har vore dagleg leiar i Hordaland Røde Kors og Bergen Røde Kors. Guddal Hansen var også ein kort periode avdelingsleiar for kulturutvikling, idrett og frivilligheit i Alver kommune. 

Ho er høgskuleutdanna innan kulturadministrasjon og har master i frå England i religion- og kulturvitskap. I tillegg har ho etterutdanning i økonomi og leiing.

- Kvifor søkte du stillinga?

- Ei stilling som dette er mellom anna knytt opp mot frivilligheit, og nettopp det har eg mykje erfaring frå i tida som tilsett i Røde Kors. Eg ser dette som ei svært spennande stilling med eit stort mangfald der eg får ansvar for både kultur, frivilligheit og idrett.

Ho vil gjerne ha god dialog med det frivillige, dei tilsette og innbyggjarane.

-    Eg bur på Askøy og registrerer at Øygarden kommune er ein er ein framtidsretta kommune som vil svært mykje. Eg ser fram til å vera med på dette laget. Eg er opptatt av kultur og idrett generelt i alle former og fasongar, har drive både med idrett, mykje med song og musikk og syng sjølv i kor, seier Marian Guddal Hansen.

Kommunalsjef for Samfunnsutvikling, Silje Haukedal, seier at Marian Guddal Hansen har brei erfaring innanfor fleire tema innan kulturfeltet.

-    Ho har eit engasjement for vidare utvikling av kultur som er ei viktig brikke i den overordna samfunnsutviklinga. Vi ser fram til å få Marian med på laget, seier kommunalsjefen.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Museum Vest