Kari Lie på byggesak har ansvaret for å leggja til rette for gode rutinar og arbeidsmåtar i byggesak.
- Vi vil leggja til rette for at innbyggjarane får den hjelpa du som innbyggjar er på jakt etter. Då er det avgjerande at vi er tilgjengelege, seier Kari Lie.
Dersom du bestiller fysisk rettleingsmøte (møtebooking), vert møtet gjennomført på innbyggartorget og biblioteket på Straume. Du kan få hjelp til å bestilla møtet av medarbeidarar på innbyggartorget og biblioteket eller over telefon.
- Ved å nytta dette tilbodet, kan du velja tidspunkt som passar for deg, seier Lie.
Dette tilbodet kjem i tillegg til fleire andre måtar du kan koma i kontakt med byggesak på.
Slik kan du ta kontakt:
Møtebooking
Som vist ovanfor kan du reservera tid for telefon-, videosamtale eller fysisk rettleiingsmøte med saksbehandlar på byggesak. Desse møta har ei tidsramme på 15 minutt og erstattar ikkje førehandskonferansar. Dei fysiske møta vert gjennomførte på innbyggartorget og biblioteket på Straume.
Les meir om møtebooking og bestill møte her
Byggesaksvakta
I tillegg til møtebooking har byggesak open telefonvakt måndag, onsdag og fredag kl. 12.00-15.00. Telefon: 55 09 73 50
Du kan også senda e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Har du spørsmål om ei sak som du har til behandlinga?
Ta kontakt med saksbehandlaren din på telefon 56 16 00 00 tysdag og torsdag mellom kl. 09.00-15.00.
Tekst og foto: Vigleik Brekke