- Svært nyttig fagdag

Denne veka har kommuneplanutvalet, plan- og miljøutvalet og administrasjonen gjennomført fagdag.
- Eg opplevde dette som ein lærerik dag. Eg trur dei andre politikarane og dei tilsette opplevde det same, seier leiar i kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen.

Frå fagdagen i kultursalen i Øyagrden rådhus 28. august - Klikk for stort bileteFrå fagdagen i kultursalen i Øygarden rådhus 28. august

Fredrik Holth frå Holth &Winge hadde ansvaret for det faglege denne dagen. Han gav ein gjennomgang av lovsystemet, særleg med tanke på nye politikarar. Andre tema var motsegn og klage, dispensasjonar, arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og planvask.

Jacobsen meiner at ein slik opplæringsdag er svært nyttig i det politiske arbeidet, ikkje minst gjeld dette arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

- Vi får kunnskap om kva vi kan gjera lokalt og kva handlingsrom vi har. Handlingsrommet er stort før vi har vedteke planar, men mindre etter at dei er vedtekne. Foredragshaldaren gav uttrykk for at det i Øygarden er eit godt samspel mellom det politiske og administrative. No er eg spent på rapporten om strandsona, seier utvalsleiaren.

Etter planen skal strandsonekartlegginga presenterast i kommuneplanutvalet den 17. september. På det møtet vert det også gjeve status i arbeidet med medverknad frå delprosjektet lokalsenter – bygdestrategi.

Det vert invitert til tre innspelsmøte i kommunedelsentera denne hausten:

  • Ågotnes: tysdag 24. september klokka 18.30, Tranevågen ungdomsskule, foajeen
  • Rong: onsdag 25. september klokka 18.30, kulturhuset
  • Skogsskiftet: tysdag 1. oktober klokka 18.30, Aktivitetssenteret


Les meir om arealdelen til kommuneplanen 2027-2039 her.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kristin Børve Jacobsen