Sotrasambandet er i rute

Bygginga av Sotrasambandet er delt inn i 11 område. I sju av desse områda er det no arbeid i gang. Det opplyste administrerande direktør i Sotra Link, Christopher Bjerke, til kommunestyret torsdag.

Slik ser det ut på Kolltveit no. - Klikk for stort bileteSlik ser det ut på Kolltveit no.

Sotrasambandet er det største norske vegprosjekt nokosinne og har ei kostnadsramme på 23,1 milliardar kroner. Sambandet skal opnast for trafikk 1. juni 2027.

- Vi har hatt stort fokus på brua, men det mykje anna vi skal gjera. Vi skal byggja ni kilometer firefelts veg, 12,5 kilometer med tunnel, 14 kilometer sykkelvegar, 23 portalar, 22 bruer og 19 undergangar. Det går no føre seg arbeid i alle dagtidssonene og på brua, sa Bjerke

Dei områda der det er aktivitet no er Kolltveit der det vert oppstart av tunneldrivinga etter jonsok,  Bildøyna, Straume, Knarrvika, brua, Drotningsvik og Storavatnet der ein skal tatt i arbeidet med den to kilometer lange Drotningsviktunnelen. Så langt har det vore mest arbeid i Knarrvika.

- Vi er godt nøgde og er i rute. Vi er innstilt på å opna brua i juni 2027. Vi reknar med at det vil gå eitt år med å ferdigstilla sidevegar. Vi går kanskje inn i 2029 med planting, forskjønning og sluttarbeid, sa Bjerke.

Det er 140 personar i arbeid på kontoret til Sotra Link i Knarrvika. I tillegg kjem ei rekkje konsulentar og underleverandørar.

Det er laga ein trafikksimuleringsmodell der det er lagt inn fleire kryss og rundkøyringar der ein vurderer ulike scenario før ein konkluderer kva omkøyringsvegar som skal etablerast når den tid kjem. Det har vore store interesse frå lokale underleverandørar.

- Vi har hatt mange møte med desse, men ikkje alle når opp. Kriteria er kvalitet, pris, HMS og ytre miljø. Så langt har det vore mest lokale underleverandørar. Etter kvart vil det også koma internasjonale underleverandørar, sa Christopher Bjerke som også understreka at det er etablert godt samarbeid med skular, FAU, naboar og andre interesserte.

Her er presentasjonen som vart vist for kommunestyret torsdag. (PDF, 5 MB)


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link