Øygarden er ein stor nynorskkommune

Onsdag denne veka fekk kommunen besøk av dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Svein Olav Langåker. 
- Øygarden er den mest folkerike nynorskkommunen i verda, slo han fast.
 

Ordførar Tom Georg Indrevik (til høgre) overrekte gåvebok til dagleg leiar i LNK, Svein Olav Langåker. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik (til høgre) overrekte gåvebok til dagleg leiar i LNK, Svein Olav Langåker.

LNK er ein interesseorganisasjon der formålet er å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. 86 kommunar og tre fylkeskommunar er medlemer i LNK. I tillegg kjem 19 regionråd. LNK skal ta opp saker på vegner av medlemene.

- Her er mykje godt på gang. Vi vil gjerne involvera Øygarden kommune i eit prosjekt knytt til språkutfordringar for kommunar i randsona, sa den daglege leiaren på møtet.

LNK har utvikla ei rekkje tilbod retta mot barn og unge i barnehage og skule. Organisasjonen gjev også tilbod om På sakslista-kurs retta mot tilsette i kommunane. Kurset er utvikla og kvalitetssikra på Høgskulen på Vestlandet.

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som ønskte LNK velkomen til Øygarden. Han snakkar ofte om at Øygarden er den nest største kommunen i Vestland fylke. 

- Du har gjeve meg eit ekstra talepoeng når vi kan skilta med at vår kommune er den mest folkerike nynorskkommunen i verda, sa ordføraren og minna om at Øygarden kommune har invitert LNK til å arrangera landstinget i Øygarden i 2025. 

Spørsmålet om lokalisering av landstinget i LNK 2025 vert truleg avgjort i løpet av februar. 

Språkarbeid i Øygarden

Lærar på Fjell ungdomsskule og høgskulelektor på Nynorsksenteret, Jorid Saure, snakka om lærarerfaringar frå ei språkleg randsone. Ho viste til at i skuleåret 2007/2008 var det 21 prosent av elevane som hadde nynorsk som hovudmål på Fjell ungdomsskule, medan det er åtte prosent som har nynorsk som hovudmål dette skuleåret (2023/2024). Det er fleire elevar som har nynorsk ved dei tre andre offentlege ungdomsskulane, men trenden er lik. På Sund ungdomsskule og Øygarden ungdomsskule har om lag halvparten av elevane nynorsk som hovudmål.

- Viktige grep er å utvikla kompetansen i lesing og skriving av nynorsk, gje praktisk og variert undervisning og gjera nynorsken meir synleg. Vi må ta vare på nynorskelevane, sa Saure og viste til konkrete tips til korleis ein kan gjera dette. Jorid Saure har vore prosjektleiar for språktiltaket Stolt av eige språk.

Konstituert avdelingsleiar PPR (Praktisk pedagogisk ressurssenter), Ranveig Bungum,  presenterte arbeidet med «Språkkommunen Øygarden» som handlar om språkmiljøet i barnehage og skule, utfordringar med språkvanskar og fleirspråklege barn og elevar. Det overordna målet er mellom anna at språkarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune skal vera eit universelt tiltak for å gje alle barn og unge god språkkompetanse slik at ein sikrar likeverd, reduserer skilnader og aukar livsmeistringa.

Kartlegging viser at ein tredel av dei føresette les ingen eller få bøker for barna sine. Dette viser at det er nødvendig å ta grep. Øygarden kommune har dei siste åra sett inn ekstra ressursar på å byggja opp eit godt skulebibliotektilbod på alle skulane. Skulebibliotek-koordinator Trine Torsvik orienterte om dette. Eit resultat av dette arbeidet er mellom anna at utlån på skulebiblioteka er dobla frå 2021 til 2023. For på lukkast med dette må skulebiblioteket vera ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet. Døme på tiltak er leseprosjekt, bokvake og bokkafe. Også innbyggartorga og biblioteka på Straume, Skogsskiftet og Rong er viktige arenaer for språk i Øygarden.

Den første planen som vart vedteken i den nye samanslåtte kommunen, var språkbruksplanen. Denne planen vart vedteken av kommunestyret i november 2019. Øygarden kommune lanserte hausten 2023 eit digitalt språkkurs som er retta mot tilsette i kommunen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke