Ny portal for bekymringsmeldingar

Barneverntenesta i Øygarden har tatt i bruk Nasjonal portal for bekymringsmeldingar. Løysinga skal bidra til ein raskare og meir trygg innsending av bekymringsmeldingar, og betre kvalitet på innhaldet i meldingane.

Ill. Colourbox - Klikk for stort bilete

Portalen består av to ulike skjema for melding; eit skjema for dei som melder bekymring som privatperson, og eit skjema for dei som melder bekymring som offentleg ansatt.  Vel kva for kommune barnet bur i, og som skal motta bekymringa. Løysinga krev innlogging.

På nettsida til kommunen under Barnevernet kan du lesa meir om bekymringsmelding. Her finn du også lenke til dei digitale skjema.