Bekymringsmelding

Kven kan melda frå til barnevernet?

Alle kan melda frå til barnevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg. Det kan vera foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss.

Offentlege instansar har plikt til å varsla barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunna identifisere kjelda til  informasjonen. Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding.

Slik melder du frå

Du kan melda bekymringsmelding som privatperson eller som offentleg tilsett eller fagperson med taushetsplikt og meldeplikt.

Send inn digital bekymringsmelding til barnevernet

Du kan velja å vera anonym. Barneverntenesta ønskjer likevel helst at du seier kven du er, fordi det gjev saka meir truverde.

Kva skjer vidare?

Meldinga vert gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker vert avgjort straks. Innan vekefristen skal barnevernet starta ei undersøking, eller leggja vekk meldinga dersom ho er openbert grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart motteken. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbert grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gje tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vera tilpassa alvorsgraden til saka. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gjev grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta setja i verk tiltak etter lova. 

Lovar og forskrifter

Lov om barneverntenester
Samleside for rettskjelder innan barne- og familievern

Barneverntenesta


Ekspedisjon

Telefon: 56 16 07 00
Opningstid: måndag til fredag
kl. 10.00 - 14.00

Mottak og drøfting av
bekymringsmeldingar:

Telefon: 979 98 300
Opningstid: måndag til fredag
kl. 08.00 - 15.30

Adresse

Sartorvegen 12,
5353 Straume

Postadresse
Postboks 33
5331 Rong