Næringslivet er middels tilfreds med kommunen

Næringslivet er middels godt tilfreds med i kva grad Øygarden kommune er næringsvennleg og kva evne kommunen har til å leggja til rette for og yta service for næringslivet.

Skjermdump frå det digitale frukostmøtet på tysdag - Klikk for stort bileteSkjermdump frå det digitale frukostmøtet på tysdag.

Dette er noko av det som kjem fram på ei spørjeundersøking gjennomført av som ein del av prosjektet Næringsvennleg kommune. Svara på undersøkinga vart presentert av PwC-Consulting på eit digitalt frukostmøte tysdag.

I tillegg til næringslivet har tilsette i kommunen og politikarar svart på undersøkinga. Totalt kom det inn svar frå 250 personar. I bedriftsutvalet kom det inn flest svar frå bygg og anlegg og landbruk. Målet med undersøkinga var å få svar på kva som er bra i kommunen og kva kommunen kan verta betre på når det gjeld saksbehandling, service og støtte til næringslivet.

Forbetringspotensial

Undersøkinga viser mellom anna at dei viktigaste sakene for næringslivet er god handtering av byggjesaker, deretter plan- og arealplanlegging. Næringslivet har relativt låg tilfredsheit med byggesaksbehandlinga og meiner at informasjonskanalar og møteplassar har potensiale for å verta betre.

Dei politikarane som har svara på undersøkinga, meiner at kommunen er middels gode på å vera næringsvennleg når det gjeld saksbehandling og å yta service overfor næringslivet. Dei meiner at handtering av plan- og bygningssaker er eit kjerneområde for forbetring saman med ønsket om å vera løysingsorientert JA-kommune.

Også dei tilsette, som har delteke i undersøkinga, meiner at tenester til næringslivet vert utøvd middels godt og at det er eit potensial for å verta betre på kommunikasjon internt i kommunen, med næringslivet og med politikken. Dei tilsette ønskjer å verta betre på tverrsektoriell tilnærming og byggesaksbehandling.

Lik forståing

Ingvill Flo i PwC-Consulting sa at næringslivet, politikarane og dei tilsette i kommunen har nokså lik forståing av kor næringsvennleg kommunen er og at undersøkinga er eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet.

På det digitale frukostmøtet tok fleire av næringslivsaktørane ordet. Frå landsbrukshald var det ønske om å koma tidleg inn i planarbeidet. Det vart peika på at det er stort potensial å trekkja inn Oppvekst i arbeidet med næringsvennleg kommune. Det vart også trekt fram at det er mogleg å utarbeida innkjøpsstrategi som bidreg til kjøp av lokale varer og tenester.

Styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF og mangeårig administrerande direktør på Coast Center Base, Kurt Andreassen, understreka at ein ikkje berre må fokusera på problemstillingar og utfordringar.

- Samanlikna med andre kommunar, er Øygarden kommune ganske langt framme på mange område. Ikkje alt er negativt, sa Andreassen.

Oppfølging av samfunnsplanen

I forkant av presentasjonen av resultata av undersøkinga viste kommunedirektør Johnny Breivik til at arbeidet med næringsvennleg kommune er ei oppfølging av samfunnsdelen til kommune planen der det er understreka at Øygarden skal vera eit kompetent, produktivt og innovativt samfunn og at kommunen skal vera handlekraftig og innovativ.

I løpet av tysdag og onsdag skal det skal det  gjennomførast bransjevise arbeidsmøte/intervju for å gå vidare i djupet på funna i undersøkinga. Etter kartlegginga og tilbakemeldingar frå frukostmøtet den 12. og 13. september skal forstudiet oppsummerast i ein førebels rapport som dannar grunnlag for eit forprosjekt med forslag til vidare tiltak for næringsarbeidet i kommunen. Prosjektet er finansiert av Øygarden næringsutvikling KF med fire hundre tusen kroner. Også Vest Næringsråd er med i prosjektet Næringsvennleg kommune.

Presentasjon (PP) frå frukostmøtet med resultat av undersøkinga. (PDF, 4 MB)


Tekst og foto: Vigleik Brekke