- Lærerikt, gjevande og gøy

Torsdag denne veka gjennomførte kommunestyret arbeidsverkstad der fokus var korleis kommunen kan løysa investeringsbehovet både på kort og lang sikt og samstundes følgja  opp strategiar for å ta heile kommunen i bruk. 

Gruppearbeid - Klikk for stort bileteKommunestyremedlemene drøfta spørsmåla i grupper.

Ein av dei som deltok på arbeidsverkstaden var Espen Cornell Jacobsen (Ap).

- Dette er ei arbeidsform som tvingar oss til å ta stilling til viktige spørsmål. Eg likar godt denne måten å arbeida på. Vi må ta stilling til dei problemstillingane som vart reiste. Dette var lærerikt, gjevande og gøy, seier han.

Det var kommunedirektør Johnny Breivik som inviterte kommunestyret til arbeidsverkstad.

- Det er ingen enkle løysingar på dei spørsmåla som vart reiste i arbeidsverkstaden, men det er viktig for oss å få styringssignal. Seinare skal vi presentera korleis moglege scenario vil slå ut totaløkonomisk, sa kommunedirektøren då han oppsummerte dagen.

I innleiinga peikar ordførar Tom Georg Indrevik på denne dagen skulle det ikkje treffast vedtak, men ein skulle lytta til kvarandre. 

- Vi skal sjå langt fram og tenkja langsiktig med mål om at Øygarden kommune vert ein god og attraktiv kommune også i framtida, sa han.

Han understreka at i framtida kan ikkje kommunen rekna med realvekst i dei kommunale inntektene samstundes som talet på eldre vil auka vesentleg. 

Behovsanalysen for helse og velferd viser at vi treng heile 430 nye heildøgnsplassar for eldre fram mot 2040. Det er store kostnader knytt til investeringa, som vil binda opp store delar av investeringsbudsjettet til kommunen i åra framover. I tillegg vil det vera knytt store kostnader til drift av heildøgnsplassane, som vil utfordra den økonomiske berekrafta til kommunen. Det er difor behov for å finna gode løysingar som kan betra det økonomiske handlingsrommet til kommunen på sikt.

Espen Cornell Jacobsen hadde sans for denne måten å arbeida på. - Klikk for stort bileteEspen Cornell Jacobsen hadde sans for denne måten å arbeida på.

Arbeidsverkstaden denne veka var den første av to arbeidsverkstader for å arbeida med dette. 

Tema på den første samlinga var:

  •  Korleis skal vi prioritera nye heildøgnsplassar i kommunen?
  • Kommunen eig store areal i fleire av sentrumsområda. Korleis kan vi bruka rolla som grunneigar til å redusera behovet for heildøgnsplassar, og samstundes styrka utviklingspotensialet i kommunedelsentera/kommunesenteret?
  • Korleis løyser vi behovet for rådhusfunksjonar på Straume?

Korleis løyser vi behovet for auka kapital?

Les plakatar som synleggjer problemstillingane. (PDF, 8 MB)
Presentasjon v/ Jarle Kvalvik (PDF, 2 MB)

Her er fleire bilete:

Eigedomssjef Jarle Kvalvik. - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke