Kulturskulekoret deltek på Valentine-konsert

Den 14. februar vert det invitert til «Valentine», ein musikalsk kveld i kjærleikens teikn. Mellom bidragsytarane på denne konserten er Øygarden kulturskulekor.

Songutvalet i Øygarden kommune. Frå venstre; Jan L.  Jacobsen, Åshild Eriksen, Vivian Steinsland og Oddvar Rebnord. - Klikk for stort bileteSongutvalet i Øygarden kommune. Frå venstre; Jan L. Jacobsen, Åshild Eriksen, Vivian Steinsland og Oddvar Rebnord.

På Valentin-konserten den 14. februar klokka 19.30 skal kjærleiken hyllast. Saman med gjestesolistane Vivian Steinsland og Roy Vorland skal Øygarden kulturskulekor og Fjellkoret tilby dei det kalla ein stemningsfull og variert musikalsk kveld med kjærleik i vid for stand som gjennomgåande tema.

Øygarden som Syngande kommune

Dette året vert det også ved ulike høve markert at Øygarden er ein Syngande kommune.

Øygarden kommune har i 2024 fått status som «Syngande kommune» frå den nasjonale satsinga Krafttak for song. Som eit ledd i dette vert publikum invitert til å bidra på konserten.
Syngande kommune er eit program under Krafttak for song. Dei kommunale institusjonane, profesjonelle krefter og det frivillige organisasjonslivet får drahjelp til å starta ein storstilt dugnad for å styrkja den lokale songkulturen!

Aktivitetane og tiltaka blir utvikla av eit lokalt songutval og Krafttak for song i løpet av ein treårsperiode. Gjennom Syngande kommune-programmet vert det skapt nye tradisjonar, songmøteplassar, fellesrepertoar og eit rikt tal sangaktivitetar.

Les plakat for konserten her. (PDF, 723 kB)