Øygarden blir Syngande kommune!

Øygarden vann fram i den nasjonale songsatsinga Syngande kommune. Kommunen får rettleiing og økonomisk støtte til å styrkja songtilbodet, og vil spesielt satsa på de yngste innbyggjarane. Kommunen vil også styrkja allsongtilbodet for alle aldersgrupper.

- Vi vil jobba for å få fleire Syngande barnehagar og skular. Ved å få meir song inn fra starten av livet, oppfyller vi også ambisjonen om god livskvalitet og folkehelse gjennom livet. Ei satsing på song vil også vera viktig for å oppfylla samfunnsdelen til kommuneplanen i Øygarden kommune 2022-2034. Difor set kommunen av hundre tusen kroner til Syngande kommune-satsinga kvart år i perioden 2024 til 2026, fortel kulturskulelærar og prosjektleiar Åshild Eriksen. Ho vil sjølv få bruka 20 prosent av stillinga si til prosjektet.

Song i skulen: Kulturskulen har god erfaring med songprosjekt som rettar seg mot skulane. Dei ønskjer å videreføra desse i åra som syngande kommune. - Klikk for stort bileteSong i skulen: Kulturskulen har god erfaring med songprosjekt som rettar seg mot skulane. Dei ønskjer å videreføra desse i åra som syngande kommune.

Song som integreringstiltak

Åshild Eriksen seier at dei opplevde at skulekorsatsingar som “Hallaisiken” var svært vellukka. Her fekk innføringsklassar ved to ulike skular profesjonell  songundervisning gjennom heile hausten 2023, før dei avslutta med ein flott konsert med band i kulturhuset. Dette, og flere slike prosjekt ein å halda fram med vidare.  I tillegg har Eriksen ambisjonar om eit styrkt allsongtilbud for alle aldersgrupper.

- Vi ønskjer å få til lågterskeltilbod for alle aldersgrupper. Med dette meiner vi at tilbodet korkje skal kosta mykje eller krevja mykje av deltakerane. 

Får fagleg og økonomisk støtte

Frå januar 2024 skal kommunen samarbeida med Krafttak for sang om å utvikla og oppretta songaktivitetar og styrkja lokal songkultur i ein periode på tre år. I tillegg til økonomisk støtte, vil kommunen få tilbod om fagdagar for tilsette i barnehagar, skular og eldreinstitusjonar, og tilgang til nasjonale nettverk og kompetansehevende samlingar.
- Vi fekk ein ambisiøs og praksisnær søknad fra Øygarden, med konkrete mål og gode forslag til tiltak. Dette var avgjerande for at kommunen fekk plass blant dei fire nye syngande kommunane i år, fortel prosjektleiar Signe Sannem Lund for Syngende kommune-programmet (drifta av Krafttak for sang).

Song og fellesskap: Gjennom song kan små og store møtast i trygge rammer for å skapa gode felles opplevingar saman. For mange byr det på meistringskjensle, kreativ utfolding og ei oppleving av tilhøyrsle. Song er også kulturarv og tradisjon. - Klikk for stort bileteSong og fellesskap: Gjennom song kan små og store møtast i trygge rammer for å skapa gode felles opplevingar saman. For mange byr det på meistringskjensle, kreativ utfolding og ei oppleving av tilhøyrsle. Song er også kulturarv og tradisjon. | Foto: Birger Aarmo, Namdalsavisa (Krafttak for sang)

Song for inkludering, tilhøyrsle og fellesskap

- Øygarden kommune har gode tradisjonar for song og songglede. Kulturskulen har hatt kor omtrent så lenge kulturskulen har eksistert, og fyller 45 år dette skuleåret. Koret er delt inn i fleire grupper etter alder og har omtrent 50 medlemer frå fem til 18 år. I tillegg har vi songundervisning individuelt og i grupper og to gruppetilbod for vaksne menneske med tilrettelagt behov, seier Eriksen.

Kulturskulen har også  i ei årrekke hatt undervisning i barnehagane, med opplegg som både skal inspirera tilsette, og vera morosame for barna. 
- Det er fleire barnehagar som er Syngande barnehagar og får jamlege kurs og rettleiing frå musikkpedagogar i kulturskulen, held prosjektlederen fram. 

I Liljevatnet barnehage får alle barn i dei to eldste årskulla undervisning av musikkpedagoger kvar veke. 

- Kulturskulen har også éi gruppe på ettermiddagstid for barn fra to til seks år saman med føresette. Nokre av kyrkjene driv barnekor og tilbod om babysang fleire gonger i veka. Men berre eín skule er ein Syngande skule, og vi ønskjer at fleire skal delta på dette når vi blir ein syngande kommune, seier Eriksen.  

Tilbod for vaksne

- Når det gjeld sangtilbod for vaksne har vi fleire kor i heile kommunen, både i og utanfor kyrkja. Dette året starta også eit tilbod for eldre kvar veke: Allsang+ og Demenskor. Dette skjer i samarbeid med næringslivet (økonomi) og kulturskulen og har blitt svært populære tilbod, sier ho.

Songtilbod for voksne: Øygarden har fleire kor i heile kommunen, og Allsang+ og Demenskor. - Klikk for stort bileteSongtilbod for voksne: Øygarden har fleire kor i heile kommunen, og Allsang+ og Demenskor. | Foto: Birger Aarmo, Namdalsavisa (Krafttak for sang)

Opprettar songutval

Kommunen skal oppretta eit eige songutval.

- Det vil vera viktig for Øygarden kommune at songutvalet er forankra i organisasjonane slik at vi ikkje blir personavhengige. Då sikrar vi kontinuerlig deltaking i songutvalet. 
Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle bæremeisen og Den kulturellespaserstokken vil også vera viktige samarbeidspartnarar i Syngande kommune. Dette er administrert fra kulturskulen og Ung kultur i kommunen.

Song og inkludering: Songen kan brukast som felles språk, og som inngangsport til å læra om eigen og andre sin kultur og bakgrunn, og utveksla nære og kjære songskattar. - Klikk for stort bileteSong og inkludering: Songen kan brukast som felles språk, og som inngangsport til å læra om eigen og andre sin kultur og bakgrunn, og utveksla nære og kjære songskattar. | Foto: Birger Aarmo, Namdalsavisa (Krafttak for sang)

Syngande kommune er eit program under Krafttak for song. Dei kommunale institusjonane, profesjonelle krefter og det frivillige organisasjonslivet får drahjelp til å starta ein storstilt dugnad for å styrkja den lokale songkulturen! Aktivitetane og tiltaka blir utvikla av eit lokalt songutval og Krafttak for song i løpet av ein treårsperiode. Gjennom Syngande kommune-programmet vert det skapt nye tradisjonar, songmøteplassar, fellesrepertoar og eit rikt tal sangaktivitetar.