Koronasjukdom har fått endra status

Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke å oppheva covid-19-forskrifta. Dette inneber at koronasjukdom ikkje lenger er rekna som ein allmennfarleg smittsam sjukdom.

Ill.foto - Klikk for stort bileteDet er framleis gratis å ta vaksine mot koronasjukdom. Ill.foto Mostphotos

Koronasjukdom er no i same kategori som influensa og RS-virus.

Konsekvensar for pasientane

For pasientane inneber dette at dei på same måte som for andre luftvegsinfeksjonar må betala eigendel ved legekonsultasjon for koronasjukdom og at retten til gratis sjølvtestar og behandling fell bort. 

Det er framleis gratis å ta vaksine mot koronasjukdom.

Les meir om koronavaksinasjon her.