Koronavaksinasjon Lytt til tekstenStopp avspillingDet vil ikkje lenger bli sendt ut melding med invitasjon til å bestille time. Dei som ønskjer vaksine, må ta kontakt med vaksinetelefon, bestille via lenkje eller oppsøka apotek som tilbyr vaksinering. Les meir under. Kvar kan ein ta koronavaksine? Bestill time via lenkjene under eller ring vaksinetelefonen 56 16 00 10. Personar som er i høgrisikogruppe, følgjer eigne tilrådingar og kan ringja vaksinetelefonen for meir informasjon. Røde Kors-huset Ring koronatelefonen (56 16 00 10) og avtal tidspunkt for vaksinasjon. Av praktiske årsaker nyttar vi ikkje elektronisk bestilling av time Vitusapotek - Sartor Storsenter Vaksinerer tysdag og torsdag frå kl. 12.00 til 15.00. Det vert tilrådd å bestilla time via lenkja. Det er kun mogleg å nytta drop in mellom kl. 13.30 og15.00. Dei som nyttar drop in, må rekna med noko ventetid. Apotek 1 - Sund Senter Ditt apotek - Sund Apotek 1 - Ågotnes Koronavaksinasjon er gratis, også på apotek. Barn og unge Vaksinasjon av barn og unge Barn og unge blir sjeldan alvorleg sjuke av covid-19, og dei aller fleste får ingen eller beskjedne symptom på sjukdom. Enkelte kan likevel få eit alvorleg forløp. Vaksinasjon kan redusere denne risikoen. Vaksinasjon av barn 5-15 år er ikkje ei sterk tilråding frå helsesmyndene, det er opp til kvar enkelt om ein ynskjer å ta vaksine eller ikkje. Følgjande tilrådingar og tilbod om koronavaksine gjeld for barn og unge Kven Korleis Ungdom 16 – 17 år* Bør grunnvaksinerast med 2 doser Comirnaty. Personar vaksinert med Spikevax som dose 1, bør får tilbod om Comirnaty som dose 2. Det tilrådast 8–12 vekers intervall mellom dosene, men dei kan gjevast ned til 3 vekers intervall. Dei som tidlegare har gjennomgått Covid-19 tilrådast 1 dose koronavaksine til grunnvaksinasjon. Personar som har fylt 18 år kan ta oppfriskingsdose om dei ynskjer det. Personar med alvorleg svekka immunforsvar bør grunnvaksinerast med 3 doser. Ved alvorleg grunnsjukdom bør det gjevast oppfriskingsdose før komande haust/vintersesong 2022, med minimumsintervall på 4 månader sidan sist dose. Ungdom 12- 15 år** med alvorleg grunnsjukdom Bør grunnvaksinerast med 2 doser Comirnaty. 8-12 vekers intervall mellom dosene. Tilpassa vaksinasjonsregime (ned til 3 vekers intervall) er aktuelt for nokre, basert på legevurdering. Dei som tidlegare har gjennomgått Covid-19 tilrådast 1 dose til grunnvaksinasjon. Bør gjevast oppfriskingsdose før komande haust/vintersesong 2022, med minimumsintervall på 4 månader sidan sist dose. Øvrig ungdom 12 – 15 år** Kan vaksinerast med 1 eller 2 doser Comirnaty dersom føresett/personen sjølv ynskjer det. Gjeld også for dei i 2006 kullet som har fylt 16 år. Dose 2 bør gjevast med eit intervall på 8–12 veker, men kan setjast ned til 3 vekers intervall. Gjennomgått Covid-19 reknast som ei immunologisk hending, og reduserer behovet for doser. Personar med alvorleg svekka immunforsvar bør grunnvaksinerast med 3 doser. Barn 5 – 11 år *** med alvorleg grunnsjukdom Bør grunnvaksinerast med 2 doser (barnedose) Comirnaty 8–12 vekers intervall mellom dosene Tilpassa vaksinasjonsregime (ned til 3 vekers intervall) er aktuelt for nokre barn med alvorleg grunnsjukdom, basert på legevurdering. Personar med alvorleg svekka immunforsvar bør grunnvaksinerast med 3 doser. Øvrige barn 5-11 år*** Kan vaksinerast med 1 eller 2 doser (barnedoser) Comirnaty dersom føresette ynskjer det. Vaksinasjon er mest aktuelt for : Barn med kronisk sjukdom (same gruppe som tilrådast influensavaksine) Familer der barn har nær kontakt med personar med særskilt behov for vern Barn som har auka risiko av det dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg, eller barn som andre årsaker lev i ein utsett situasjon. Dersom barn vaksinerast, vurderast ei dose å ha best nytte-ulempe baanse. Ei eventuell dose 2 bør gjevast med eit intervall på 8-12 veker, men kan gjevast med intervall ned til 3 veker Gjennomgått Covid-19 reknast som ei immunologisk hending, og reduserer behovet for doser. Barn under 5 år Koronavaksine er ikkje godkjend for barn under 5 år. * Årskulla 2004 og 2005 ** Årskulla 2006 - 2009 ***Årskulla 2010-2016 og barn fødd i 2017 som har fylt 5 år. Barn og unge med alvorleg svekka immunforsvar tilrådast 3 doser som grunnvaksinasjon. Minimumsintervallet mellom 2. og 3. dose er 28 dager Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom Ungdom med alvorlig grunnsjukdom er ei sårbar gruppe som det er viktig å sikra mot infeksjon som kan vera meir alvorlig for dei eller forstyrre/forsinke anna behandling. Det er lenge sidan denne gruppa fekk forrige dose, og det er usikkert kor lenge beskyttelsen varar. Folkehelseinstituttet anbefalar derfor at ungdom i alderen 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom no bør tilbys ein oppfriskningsdose. Anbefalingen gjeld ungdom 12-17 år med dei alvorlege grunnsjukdommane nevnt under. Legg merke til at denne lista med grunnsykdommer er forskjellig frå lista for voksne. Organtransplantasjon (f.eks. hjerte, nyre, lever etc.). Immunsvikt (eksempelvis medfødt immunsvikt eller bruk av medikamentar som gjev systemisk immunsuppresjon). Hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år. Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månader) behandling mot kreft - spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift. Nevrologiske sjukdom eller muskelsjukdom som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon. Kronisk nyresjukdom med betydelig nedsett nyrefunksjon. Alvorleg hjertesjukdom (barn med hjertesvikt, alvorleg pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammersykdom/«Fontan-barn»). Alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorleg astma med forverringar som har trengd akutt sjukehusinnlegging siste året). Annan svært alvorleg sjukdom. Vaksinasjon i slike tilfelle vurderast individuelt av barnelege. Samtykkeskjema for barn under 16 år Føresatte må samtykka til koronavaksine til barn under 16 år Kvar vaksinedose krev nytt samtykke Ved åleineforsørgaransvar må det visast fram dokumentasjon på dette (Sjå her korleis dette kan gjerast (PDF, 85 kB)). For barn under offentleg omsorg, er det krav om samtykke frå barneverntenesta. Merk at begge føresette må fylla ut samtykke. Samtykke kan stadfestast anten digitalt eller skriftlig: Digitalt samtykke Skriftleg samtykke. Skriv ut og fyll ut skjema. Ta dette med til vaksinasjonstimen. Samtykkeskjema finn du her. Vaksne frå 18 år Grunnvaksinasjon Vi skil mellom grunnvaksinasjon og oppfriskingsvaksinasjon. For oppfriskingsvaksine, sjå eige avsnitt lenger ned. Dei fleste grupper vert rekna som grunnvaksinert etter 2 dosar med vaksine. Anbefalt minimumsintervall mellom dose 1 og 2 for vaksiner som tilbydast i koronavaksinasjonsprogrammet: Grunnvaksinasjon Vaksine Antal dosar for å vere grunnvaksinert Tilrådd minimumsintervall mellom dose 1 og 2 Comirnaty (BioNTech og Pfizer) 2 21 dagar Spikevax (Moderna) 2 28 dagar Nuvaxovid (Novavax) 2 21 dagar Kombinasjon av Comirnaty, Spikevax eller Nuvaxovid 2 28 dagar Intervall mellom dosane kan ha betydning både for graden av beskyttelse og for om koronasertifikatet er gyldig. Ikkje alle vert grunnvaksinerte med to dosar: Personar med alvorleg svekt immunforsvar (immunsupprimerte) får ofte dårlegare effekt av vaksinar enn andre. Det betyr at mange av desse ikkje får god nok effekt av dei første to dosane. Denne gruppa har difor tilbod om dose 3 for å bli grunnvaksinert. For desse vert det tilrådd eit intervall mellom 2. og 3. dose på minimum 4 veker. På nettsida til FHI finn du meir informasjon om denne gruppa. Oppfriskingsdose Beskyttelsen hos grunnvaksinerte svekkast over tid og det vil for nokre vere naudsynt med ei oppfriskningsdose for å få ein meir langvarig beskyttelse. Oppfriskingsdose (dose 3) tilrådast: aldersgruppa 45 år og eldre 18 - 44 år med underliggjande sjukdom/helsetilstander som gjev auka risiko for alvorleg forløp med Covid-19 tilsette i helse- og omsorgstjenesta. Friske mellom 18-44 år kan, om dei sjølv ynskjer det, få oppfriskingsdose (dose 3). Intervallet mellom dose to og oppfriskningsdosen bør vera minst 20 veker Personer med alvorleg svekt immunforsvar vert vaksinert med 3 dosar i grunnvaksinasjonsserien. Første oppfriskingsdose vert difor dose 4 for denne gruppa. Tilrådd intervall mellom dose 3 og 4 er minimum 3 månader. Personar under 30 år bør få tilbod om Comirnaty-vaksine som oppfriskingsdose. Oppfriskingsdoser haust- og vintersesong 2022-2023 Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår oppfriskingsdose med koronavaksine før komande haust/vintersesong til: personar i aldersgruppa 65 år og eldre personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom, sjå meir info lengre ned under barn og unge. Gravide i 2. og 3. trimester Dette vil for dei fleste vera dose 4, men for enkelte med alvorleg svekt immunforsvar vil det vera dose 5. Anbefalt intervall sidan sist vaksinedose er vere minimum 4 månader. Tilrådinga om å ta ei ny oppfriskingsdose gjeld også om du nyleg har gjennomgått ein koronainfeksjon, men ein bør venta 3-4 månader etter sjukdom før vaksine for å få ein betre beskyttelse og redusera fare for biverknader. Gjennomgått infeksjon gir ein god beskyttelse mot sjukdom den fyrste tida. Det er mogleg å ta vanleg influensavaksine samtidig med en oppfriskingsdose med koronavaksine. Sjekk med kommunen din eller fastlege der du bur. Grupper som har auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp Personar i aldersgruppa 18-64 år med følgjande sjukdom/helsetilstander er vurdert å ha auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19: organtransplanterte alvorleg og moderat immunsvikt immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmun sjukdom hematologisk kreftsjukdom siste fem år annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift). alvorleg nevrologisk sjukdom eller muskelsjukdom som førar med seg nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese) Downs syndrom kronisk nyresjukdom og nyresvikt kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon demens kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har ført til bruk av høydose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare kroniske hjerte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk) hjerneslag diabetes, då særleg pasientar med langvarig eller dårleg kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar. Oppfriskningsdose er tilrådd gjeve med eit intervall på 4 månader sidan siste vaksinedose. Folkehelseinstituttet tilrår at både menn og kvinner under 30 år bør få tilbod om Comirnaty Original/Omicron BA.1 eller Comirnaty som oppfriskingsdose. For personar med alvorleg nedsett immunforsvar er det ikkje naudsynt med ny vurdering av fastlege/spesialist for å få tilbud om oppfriskingsdose. Dei kan visa fram tidlegare dokumentasjon i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept/e-resept eller medikament-forpakning kor pasientens namn kjem fram. For ein del av desse pasientane vil denne oppfriskingsdosen vere dose nummer 5. Personar som ikkje har alvorleg svekka immunforsvar må visa at dei høyrer til ein risikogruppe med å visa fram reseptar, epikrisar eller annan dokumentasjon fra sjukehus eller fra eigen lege når dei kjem for å få vaksina. Tilrår 5. dose koronavaksine til dei over 75 år Helsestyresmaktene tilrår no ny oppfriskingsdose med koronavaksine i løpet av mars/april til aldersgruppa 75 år og eldre. Dette gjeld også sjukeheimsbebuarar. Bakgrunn for dette er at det er venta fleire smittetoppar i løpet av året, og dei fleste i denne aldersgruppa tok 4. dose i fjor sommar eller tidleg haust. Vernet frå sist vaksine har difor byrja å avta. Dei som har gjennomgått koronasjukdom i tillegg til å vera vaksinerte, har betre vern mot koronasjukdom enn dei som berre har vern frå vaksinar. Behovet for ny dose no er difor lågare for denne gruppa. Merk Det må vera minimum tre månader sidan førre vaksinedose, helst seks månader. Du bør ta vaksinen i løpet av mars/april. Sannsynleg med endå ei oppfriskingsdose til hausten Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at aldersgruppa 65 år og eldre, pluss dei i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggjande risikotilstandar, vil ha behov for ein ny oppfriskingsdose til hausten, før vintersesongen 2023-24. Dei tilrår difor personar over 75 år å ta 5. dose i løpet av mars/april, for å sikra langt nok tidsintervall før ein eventuell 6. dose til hausten. Yngre pasientar med alvorleg svekt immunforsvar kan òg få tilbod om ein oppfriskingsdose no i vår, etter vurdering frå spesialist. Slik får du vaksine Øygarden kommune sender ikkje innkalling til vaksinering. Det vil heller ikkje vera massevaksinering. Du må sjølv bestilla time, sjå her for meir informasjon. Koronavaksine er gratis. Vaksinetypar Aktuelle vaksinetypar Til grunnvaksinasjon nyttast dei opphavelege koronavaksinene frå Pfizer og Moderna i Øygarden kommune. Ved oppfriskingsdoser nyttast no Comirnaty Original /Omicron BA.4-5, denne var godkjent i september 2022 og gir det same vernet som den opphavelege vaksina mot Wuhan viruset, men i tillegg gir den vern mot Omicron varianten. Denne vaksina er kun godkjend som oppfriskingsvaksine, og kan difor ikkje nyttast i grunnvaksinasjon. Den er godkjend frå 12 års alder. Både menn og kvinner under 30 år får tilbod om Comirnaty (Pfizer) si vaksine ved vaksinasjon då denne gruppa har auka risiko for biverknader med dei andre typane vaksine. På nettsida til Statens legemiddelverk kan du lesa meir om dei ulike vaksinetypane Nuvaxovid Ring vaksinetelefonen 56 16 00 10 (tast2) dersom du har spørsmål eller ønskjer å bestilla time til Nuvaxovid. Denne typen vaksine vert tilbode berre hjå kommunalt vaksinasjonsteam. Sist endra 22.03.2023 11.42