Kommuneplanutvalet følgjer opp kjernekraftsak

Formannskapet har med åtte mot tre røyster (Ap og SV) vedteke at vidare behandling av spørsmålet om kjernekraft i Øygarden må sjåast i samanheng med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen. I vedtaket på møtet onsdag heiter det at saka vert difor vidare vurdert og følgd opp av kommuneplanutvalet.

Frå formannskapsmøtet onsdag denne veka. På talarstolen; Anita Garlid Johannessen (Frp) - Klikk for stort bileteFrå formannskapsmøtet onsdag denne veka. På talarstolen; Anita Garlid Johannessen (Frp)

Formannskapet støtta elles samrøystes dei to første punkta i innstillinga frå kommunedirektøren om at kjernekraft i framtida kan bli eit viktig supplement i energiforsyninga både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det må avklarast nærare kva for konsekvensar kjernekraft kan ha på nasjonalt nivå, både når det gjeld økonomisk lønnsemd og risiko, og at det per i dag ikkje er aktuelt å testa ut konkrete prosjekt for kjernekraft i Øygarden. 

Tilrår å ta imot 100 flyktningar første halvår

Etter framlegg frå Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF tilrår formannskapet å busetja inntil 100 flyktningar fram til 1. juli, der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år, og dei andre som einslege vaksne eller familiar. Det mellombelse vedtaket i kommunestyret 21. desember, om å busetja 30 flyktningar i 2024, vert innlemma i talet på 100 busette fram til 1. juli 2024.

Øygarden kommune finn ikkje høve til å busetja einslege mindreårige flyktningar under 15 år i 2024. I tilrådinga seier formannskapet at det til møtet i juni vert lagt fram ei evaluering av det totale tenestetilbodet inkludert bustadsituasjonen. I same møte vil det også bli vurdert kor mange flyktningar kommunen kan ta imot for andre halvår. 
Formannskapet tilrår å be sentrale styresmakter å finna støtteordningar for å sikra nok og eigna bustadar. Det vert lagt fram eige budsjett i eit femårsperspektiv sett i forhold til kostnadsoverslag, slik det går fram i notat om busetjing av flyktningar i 2024.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Framtidig drift og investering

Formannskapet tilrår å ta saka «Øygarden 2024 – langsiktig driftsanalyse og investeringsplan» til etterretning, og ber kommunedirektøren koma tilbake med revidert versjon av Øygarden 2040 i løpet av 2024. Kommunedirektøren skal arbeida vidare med ulike grep for å redusera investeringsnivået til kommunen. 

Formannskapet slutta seg til eit tilleggspunkt fremja av Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF der ein ber kommunedirektøren å arbeida vidare med omstilling av kommunen, med utgangspunkt i Øygarden 2040, og at det første halvår vert fremja sak med konkrete omstillingsprosjekt som er nødvendige å gjennomføra i denne økonomiplanperioden for å nå målsetjingane.

I saksutgreiinga går det fram at den langsiktige investeringsplanen viser at investeringsbehova er vesentleg høgare enn det investeringsramma per i dag kan handtera. Det inneber at det framover må arbeidast med tiltak for å redusera investeringsbehovet og med det skapa større handlingsrom.

Slutta seg til planane om Framtidssamfunnet

Det vart tilrådd å slutta seg til hovudlinjene og ambisjonane som ligg i Framtidssamfunnet, men det vert peika på viktigheita av politisk forankring i prosessen.

Kommunestyret gir formannskapet fullmakt til å vedta endeleg organisering. I denne prosessen må det vurderast ulike organisasjonsformer, mellom anna aksjeselskap.

Saka går no til endeleg behandling i kommunestyret. 

Med Framtidssamfunnet skal næringslivet, akademia, det offentlege og det frivillige samarbeida om å finna nye innovative løysingar på morgondagens behov. Her kan du lesa meir om Framtidssamfunnet.

Vil gje klarsignal for etablering av innfartsparkering

Formannskapet tilrår å gje kommunedirektøren fullmakt til å lysa ut anbod og byggja innfartsparkeringa på Ågotnes innanfor ei kostnadsramma på 9,55 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Prosjektet vert finansiert med beløningsmidlar frå Miljøløftet og momskompensasjon. I tilrådinga heiter det også at kommunestyret aksepterer risiko ved å lysa ut anbod før finansiering er endeleg godkjent i organ til Miljøløftet. 

Innfartsparkering er eitt av fire satsingsområde for Miljøløftet. Innfartsparkeringa på Ågotnes er lokalisert like nord for kollektivterminalen og vil gje plass til 99 parkeringsplassar med opsjon til utviding til 143 plassar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Partnarskapsavtale med Vest Næringsråd

Formannskapet tilrår at gjeldande partnarskapsavtale med Vest Næringsråd vert vidareført til 31.desember 2024. Revisjon av ny partnarskapsavtale må sjåast i samanheng med Framtidssamfunnet. Saka går til kommunestyret.
Vil endra organisasjonsform for Basecamp
Formannskapet gjev tilslutnad til vedtaket i styret for Basecamp om å gjera om selskapet frå foreining til ideelt aksjeselskap. Det er tilrådd at kommunedirektøren får fullmakt til å sluttføra forhandlingar om aksjonæravtale og vedtekter.

Fjell festning

Formannskapet sluttar seg til framlegg til uttale til vedtak i Fjell festning om å søkja om oppløysing av stiftinga. Her kan du lesa uttalen. (PDF, 87 kB)

Det har ikkje lukkast om å verta samde om alternative løysingar for vidare organisering og drift. Ordførar Tom Georg Indrevik sa at kommunen skuldar innbyggjarane at anlegget kan brukast til å visa fram krigsminne og friluftsområdet ved Fjell festning. 

Saka går vidare til kommunestyret.

Økonomirapportering

Formannskapet vedtok økonomioppfølging i 2924 som skissert i saka. Bakgrunnen for saka er vedtak i kommunestyret i november 2023 der det vert bedt om at det kvar månad vert vist status for ulike område med nøkkeltal.

Andre saker

Debatthefte KS 2024 – Rom for gode tenester

Formannskapet tilrår med sju mot 4 røyster (Ap, SV og INP) kommunedirektøren sitt framlegg til uttale i samsvar med vurderinga i saka. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Revidert selskapsavtale for Bergen og Omland farvannsforvaltning

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret framlagte forslag til revidert selskapsavtale.

Sender sak om tilskot til reguleringsarbeid tilbake til administrasjonen

Formannskapet vedtek å senda saka om tilskot til reguleringsarbeid for etablering av gang og sykkelveg knytt til Bjorøytunnelen tilbake til administrasjonen som går i dialog med Bjorøy og Tyssøy velforening korleis desse midlane best kan disponerast sett i forhold til trafikktryggleikstiltak i området.

Utsette sak om Miljøløftet

Formannskapet utsette sak om innspel til revidering av handlingsprogrammet til Miljøløftet for  behandling i ekstramøte i plan- og miljøutvalet 15. februar.