Inviterer til å jobba saman om felles utfordringar

Det handla om samarbeid om felles utfordringar då Øygarden kommune inviterte til nyttårsmøte 4. februar. Både Framtidssamfunnet og eit nytt leiarutviklingsprogram, Samfunnskraft, vart presentert. Dei som tok ordet under oppsummeringa av møtet, gav klart uttrykk for at dei likte det dei fekk vera med på denne dagen.

Ordførar brukte bærekraftsballen i sitt innlgg. Frå venstre; næringssjef Marianne Furheim, reiselivsdirektør Anders Nyland og kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik brukte bærekraftsballen i sitt innlgg. Vidare frå venstre; næringssjef Marianne Furheim, reiselivsdirektør Anders Nyland og kommunedirektør Johnny Breivik.

Samfunnskraft er eit leiarutviklingsprogram i regi av Øygarden kommune. Vest Næringsråd er støttespelar.

Les meir om og meld di interesse om å delta i Samfunnskraft her. 

Det var kommunedirektør Johnny Breivik og næringssjef Marianne Furheim som presenterte leiarutviklingsprogrammet. Både det private næringslivet, offentleg sektor, akademia og frivillig sektor vert inviterte til å delta. 

Dette skal vera ein læringsarena med 25 deltakarar der ein skal styrkja deltakarane si strategiske rolle, utvida perspektiva og byggja eit sterkt lokalt nettverk med internasjonal innsikt. Det vert arrangert fem samlingar. Samfunnskraft er bygd på Inner Development Goals og fremjar utvikling gjennom menneskelege ferdigheiter.
- Målet er å få nøkkelpersonar hjå aktørane til å jobba saman om felles utfordringar, sa Johnny Breivik.

Tek samfunnsansvar

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som innleia nyttårsmøtet. Han sa at kommunen skal leggja til rette for næringsutvikling og synleggjera moglegheitene. Han minna om at Øygarden no er fem år og at det er 1 769 dagar fram til ein skal nå klimamåla innan 2030. 

- Og så er det i dag 847 dagar til den nye brua opnar i juni 2027. Eg er stolt over at vi har eit næringsliv som tek samfunnsansvar. Det er viktig at vi legg til rette for arbeid for dei som ikkje høyrer til «mainstream» også, sa ordføraren.

Marianne Furheim presenterte Framtidssamfunnet - Klikk for stort bileteMarianne Furheim presenterte Framtidssamfunnet

Omstilling

Kommunedirektør Johnny Breivik viste til dei befolkningsmessige endringane som inneber at vi må omstilla den kommunale verksemda.

- Vi må dreia ressursar frå barn og unge til eldreomsorg. Dersom vi held fram som i dag, vil det heile kollapsa, sa han.

Han viste til store investeringsprosjekt som er i vente. Det er sett av 430 millionar kroner til institusjonsplassar dei næraste fire åra. Det skal byggjast 80 sjukeheimsplassar på Straume. Anbod om dette går ut like før eller etter sommaren, sa han. 

Andre prosjekt er ny ungdomsskule på Bildøyna og ny skule på vestsida av kommunen. Arealdelen til kommuneplanen vert venteleg vedteken i 2027. Andre prosjekt framover er kva som skal skje med rådhuset på Straume, ny vidaregåande skule, parkeringsstrategi på Straume og utviding av Energiparken.

Næringssjef Marianne Furheim gjekk gjennom samarbeid kommunen har innan næringsutvikling. Vest Næringsråd er ein svært viktig samarbeidspartnar. Kommunen har partnarskapsavtale med denne organisasjonen. Det vert mellom anna samarbeidd om One Ocean Week, Arendalsveka, OTD Stavanger, Grunderparken Vest, Framtidssamfunnet og Øygardssamfunnet. 

Rundt 40 personar deltok på nyttårsmøtet. - Klikk for stort bileteRundt 40 personar deltok på nyttårsmøtet.

Næringssjefen har også god kontakt med enkeltaktørar.

- Vi kjem mykje lengre med dialog. Eg opplever at næringslivet tek kontakt med oss når det er behov, sa Furheim.

Ho nemnde også spesielt “Sommarjobb i vest” som er ein kampanje i regi av NHO, Vestland fylkeskommune, NAV og ein del andre aktørar. Denne kampanjen skal mobilisera næringslivet til å ta fleire ungdomar i sommarjobb.

Aktuelle saker i 2025 er mellom anna krafttilgang, arbeidet med arealdelen til kommuneplanen (marknadsdag for næringslivet 19. februar), utvikling av Straume-området, berekraftige reisemål, hubbar, utvikling av Energiparken, Ågotnes Maritime Cluster, Grunderparken Vest, sommarjobbprosjekt og havvind. 

Framtidssamfunnet

Marianne Furheim orienterte også om Framtidssamfunnet. Framtidssamfunnet er at offentlege, private og frivillige aktørar i Øygarden jobbar saman på ein ny måte for å finna løysingar på ulike samfunnsutfordringar.

Les om Framtidssamfunnet her.

Ein jury skal avgjera kva prosjekt som skal inn i Framtidssamfunnet.

- Vi har allereie fått nokre forslag, men vi treng fleire. Tenk gjerne utanfor boksen, sa Marianne Furheim.

Godt nøgde deltakarar

Under oppsummeringa av dagen, tok fleire ordet og takka for at det vert arrangert nyttårsmøte. Deltakarane var glade for at Øygarden prioriterer næringsutvikling og har eigen næringssjef. Det vart oppmoda om å ta inn ungdom, til dømes ved å gje dei sommarjobb. 

Reiselivsdirektør Anders Nyland sa at han jobbar med 11 kommunar i bergensområdet. Han delte ut skryt til Øygarden kommune. 

- Det er annleis å koma til Øygarden. Her er det ei leiing som har mål og som ser utover kommunen. Her er eit næringsråd som ønskjer å samhandla. Hugs at det kjem mange til Noreg frå andre delar av verda som treng jobb og som kan få jobb i reiselivsnæringa. Reiselivsnæringa veks i Øygarden, sa Nyland. 

Her er fleire bilete:

rdførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Pauseprat - Klikk for stort bilete
Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Per Erling Tellnes og Arild Bøthun - Klikk for stort bilete
Rundt 40 personar deltok på nyttårsmøtet. - Klikk for stort bilete
Marianne Furheim presenterte Framtidssamfunnet - Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke