Samfunnskraft - eit unikt leiarprogram

Leiarutviklingsprogrammet Samfunnskraft er det tverrsektorielle leiarutviklingsprogrammet til Øygarden kommune. Gjennom fem samlingar har deltakarane fått ny innsikt i leiarskap, samfunnsutvikling og samarbeid på tvers av næringsliv, offentleg sektor og frivillig sektor. Programmet skal styrkja relasjonar, byggja kompetanse og utvikla leiarar som ønskjer å bidra til eit sterkare og meir berekraftig lokalsamfunn.

Kva er Samfunnskraft?

Samfunnskraft er eit leiarutviklingsprogram som kombinerer forskingsbaserte metodar, praktisk læring og nettverksbygging. Programmet er basert på det globale rammeverket Inner Development Goals (IDG) og er tilpassa for å møta behova til leiarar i Øygarden. Målet er ny felles innsikt i korleis menneske og organisasjonar kan løysa komplekse problem på meir innovativt og heilskapleg vis. 

Gjennom fem samlingar har deltakarane fått:

  • Konkret metodikk bygd for å gi verdifull utvikling, levert av erfarne og kunnskapsrike føredragshaldarar.
  • Målbare resultat – vi har måla utviklinga før og etter programmet.
  • Eksklusivt nettverk av strategiske leiarar på tvers av sektorar.
  • Praktiske verktøy ein straks kan ta i bruk i din eigen organisasjon.
  • Internasjonal tilnærming – global metodikk og innsikt frå nasjonale og internasjonale føredragshaldarar.
  • Sertifisering som dokumenterer kompetanseutviklinga.

Kva er målet?

  • Personleg vekst: Refleksjon over eigen leiarstil og utvikling av menneskelege ferdigheiter.
  • Relasjonell kompetanse: Byggja sterke relasjonar og lære korleis ein kan motivera og engasjera seg sjølv og organisasjonen.
  • Strategisk innsikt: Tilgang til dei nyaste metodane innan berekraftig og innovativ leiing.
  • Praktisk bruk: Bruka læringa direkte i eigen leiar-kvardag gjennom verktøy og oppgåver frå programmet.

Kven har vore med?

Samfunnskraft har vore ope for leiarar frå ulike sektorar og nivå. Dette inkluderer mellomleiarar, fagleiarar, berekraftsansvarlege og toppleiarar som ønskjer å styrkja kompetansen sin og skapa positive samfunnsendringar.

Programmet har vore for leiarar frå:
✔ Privat næringsliv – toppleiarar, mellomleiarar og berekraftsansvarlege.
✔ Offentleg sektor – leiarar i kommunale og statlege organisasjonar.
✔ Frivillig sektor – leiarar i ideelle organisasjonar og samfunnsaktørar.
✔ Kunnskapsmiljø – akademiske og faglege ressurspersonar.

Foto: Mariann Persson (Gunn Kristin Monsen) og landskapsbilete frå Øygarden - Klikk for stort bilete

Program

Samfunnskraft er bygd på Inner Development Goals og fremjar utvikling gjennom menneskelege ferdigheiter. Hovudtema for samlingane er fordelt på desse kompetansane: Vera, Tenkja, Relatera, Samarbeida og Handla.

Ferdigheiter i IDG - Klikk for stort bileteFerdigheiter i IDG

Kvart tema inkluderer:

  • Fagleg påfyll og refleksjonar.
  • Samtalar og deling mellom deltakarar.
  • Praktiske øvingar og casearbeid.
  • Innsjekksøvingar for å fremja nærvær.
  • Oppgåver som knyter læringa til deltakarane sin arbeidskvardag.

Samlingar og lokasjonar har vore over heile kommunen - frå sør til nord og aust til vest. 

Føredragshaldarar - Klikk for stort bileteFøredragshaldarar

Leiande ekspertar og fasilitatorar som har medverka:

  • Brave Leadership, Jannecke Bugge, rådgjevar og Anna Svanberg, rådgjevar.
  • Awake: Marte Alstad Hansen, dagleg leiar.
  • Bård Fyhn, PhD frå NHH, ekspert på organisasjonspsykologi og leiarutvikling.
  • Montserrat Telseth, regiondirektør i Norconsult Bergen.

 

Programmet har vore mogleg med støtte frå Vest Næringsråd, Agenda Vestland og OU-midlar frå KS. Vi takkar alle støttepartnarar for trua på programmet!

Tusen takk til alle deltakarar gjennom dei to åra! Det er de som har møtt med positiv tilnærming, nysgjerrigheit og delt frå kvardagen. Uten deltakarar, er det ikkje mogleg å få til Samfunnskraft! Takk for deltaking! 

Takk og til Brave Leadership og Awake for gjennomføringa! 

Takk òg til alle som har fasilitert samlingane med gode møtefasilitetar, mat og vertskap!

Arbeidet vidare vil vere gjennom samlingar for gruppane, med intensjon i ivareta nettverka og kanskje oppstår det nokre gode idear som vi kan jobba vidare med…?