Etablering/flytting av verksemd
Ønskjer de å flytta verksemda til Øygarden og treng ny tomt eller nytt lokale? Ta kontakt med oss for bistand.
På arealguiden.no finn du kart og informasjon om dei største industriområda i kommunen
Gründerverksemd/oppstartsbedrift
Å starta og driva eiga bedrift er meiningsfylt og stimulerande, men kan og vera krevjande. For tidlegfaseetableringar samarbeider Øygarden kommune med Etablerersenteret. Etablerersenteret held kurs i å etablere bedrift og tilbyr rådgjeving til både gründarar og oppstartsbedrifter.
På nettsida til Etablerersenteret finn du meir informasjon dersom du har lyst til å starte eigen bedrift
Gründerparken
Gründerparken Vest på Straume og Ågotnes driftast av Vest Næringsråd på vegne av Øygarden kommune. Målet med gründerparken er å skape ein arena for gründerskap og innovasjon som eit vesentleg element i utviklinga av næringslivet i Øygarden. Gründerparken Vest tilbyr utleige av kontor på timebasis, dagsbasis, ukebasis og månedsbasis, samt to møterom.
Stønad under etablering
Du kan ha rett på dagpengar medan du etablerer eiga verksemd, men du må sende eigen søknad om dette. Du må innhenta ein næringsfagleg vurdering av dine etableringsplanar frå ein instans NAV har godkjent. I Øygarden kommune er det innbyggjartorget som utfører næringsfaglege vurderingar. NAV dekker ikkje utgiftene til vurderinga. Vurderinga må leggjast ved søknad om dagpengar under etablering av eiga verksemd. På nettsida til NAV finn du meir informasjon dersom du ønskjer å etablere eigen virksomhet
Øygarden brann og redning
Øygarden brann og redning hjelper deg å forebygge brann i ditt næringslokale.
Sjekk alltid med brannvesenet at lokala til din bedrift er godkjente, og at de har gode rutiner, dersom uhellet er ute. På nettsida til Øygarden brann og redning finn du meir informajson om førebyggjande avdeling
Andre nyttige instansar
Innovasjon Norge skal bidra til vekst i norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse.
Innovasjon Norge har eigne program for oppstartbedrifter, bedrifter som ønskjer bistand til å satsa internasjonalt, bedrifter med høg fokus på innovasjon og utvikling, og for landbruksbedrifter. Innovasjon Norge
Driv di verksemd med forskning og innovasjon som byggjer verdifull kunnskap for ei berekraftig framtid? Da kan kanskje Norges forskningsråd bidra til å finansiere denne aktiviteten? Norges Forskningsråd
På Skatteetaten bedrift og organisasjon får du hjelp med skatt og avgifter og finn skatterelatert informasjon for deg som skal starte og drive bedrift. Skatteetaten bedrift og organisasjon
Dersom di bedrift planlegg å importere og/eller eksportere varer/-tenester til/frå utlandet, må du forsikre deg om at dette skjer i samsvar med gjeldande regler for bl.a. toll, meirverdiavgifter og særavgifter. Tolletaten - bedrift
Arbeidstilsynet hjelper deg å sikra eit forsvarleg arbeidsmiljø i di bedrifta.
Sjekk alltid med Arbeidstilsynet at lokala er godkjente, og at arbeidsrutinar i bedrifta forvaltar nødvendige omsyn. Arbeidstilsynet
Alle verksemder som jobbar med produksjon, distribusjon og servering av mat må ha utstyr og rutinar som oppfyller viktige lover og forskrifter.
På mattilsynet sine sider kan du lesa meir om kva dette inneber, og kva du må ha på plass før du startar opp. Mattilsynet