Renie-Lill Ekrhovda brukar innfartsparkering dagleg.Tysdag ettermiddag var det så og seia heilt fullt på innfartsparkingsområdet like ved bussterminalen. Passasjerar frå bussane vandra nokre få meter bort til parkeringsplassen og sette seg bak rattet. Dei fleste skulle heim etter jobb austom brua.
- Eg bur på Li, og utan kø brukar eg 16 minutt fram til Straume før eg tek bussen vidare til Bergen. For å unngå kø, køyrer eg gjerne til Fjell gard før eg tek bussen vidare. Det tek 11 minutt, seier Renie-Lill Ekrhovda.
Utfordringa er likevel kø for å koma seg fram til Straume, både med bil og buss (frå Fjell gard). På grunn av sperra utkøyring ved krysset Bildøyvegen/riksveg 555, må Renie-Lill køyra via Blommen og stå i kø inn mot Straume.
God løysing
Ho seier at det kan ta godt med tid før ho er framme på innfartsparkeringa. Ekrhovda opplever at det er ganske fullt med bilar på parkeringsplassen på Straume dei tre første dagane i veka og noko betre plass torsdag og fredag.
- Dette er ei god og billig løysing for meg. Månadskortet kostar meg 795 kroner i månaden. Kostnaden er ikkje noko å seia på, men sjølve innfartsparkeringa skulle vore meir tilgjengeleg. I dag reiste eg frå Li klokka 06.30 og tok bussen frå Straume klokka 07.02. Eg var på jobb klokka 07.50. Eg brukar om lag to og ein halv time på reise til og frå jobb kvar dag. Busstilbodet kunne vore endå betre koordinert, seier ho.
I samband med prosjektet God trafikkflyt har kommunestyret vedteke ein tiltakspakke med om lag 50 konkrete interne og eksterne tiltak for å sikra god trafikkavvikling fram til nytt sotrasamband står klar til bruk i 2017. Les meir her.
Eitt viktig tiltak for å sikra betre trafikkflyt, er auka bruk av innfartsparkering.
Innfartsparkeringsplassar i Øygarden
- Straume bussterminal
- Skogsskiftet (fylkeskommunal, krav om månadskort hjå Skyss)
- Ågotnes bussterminal
- Fjell sentrum (v/ Fjell skule vis a vis Fjell kyrkje), innkøyring v/ Rema 1000
- Fjell festning (parkeringsplass langs fylkesveg 560)
- Gamle Tellnes skule
- Vorland
- Stranda skule
- Tjeldstø terminal
- Blomvåg terminal
Fotogalleri med bilete av kart frå dei ulike innfartsparkeringane:
Parker bilen og reis vidare med buss
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Kart: Ninni Neumann
Video: Kjell Andersland